I år går prisen til ein organisasjon som involverer mange frivillige, og som mange har fått hjelp av - eller besøk av. Prisvinnaren er kjent for stor frivillig innsats av mange over mange år, for stort sosialt engasjement, for redningsaksjonar og for ei særdeles aktiv omsorgsgruppe. I 2024 er Ørsta Røde Kors mottakar av årets eldsjel. Og då gjeld det både Hjelpekorpset og Ørsta Røde kors omsorg.
Først om Ørsta Røde kors omsorg, som gjer ein formidabel innsats for Ørsta sine innbyggarar, særleg for eldre og flyktningar! Dei driftar frisklivstilbodet Sterk og stødig for dei godt vaksne. Dei gjer ein formidabel innsats for flyktningane som bur her med flyktningtreff, juletreff 1. juledag og gratisbutikk. Dei organiserer tilbodet "Besøksvenner", og «Ferien for alle» for barn og unge.
Ørsta Røde Kors arrangerer turar for eldre og flyktningar og i samarbeid med fylkeslaget ferieturar for born. Dei sørger for blomar til jul og påske, stiller som vaksinevakt og bidreg på ulike arrangement. Dei frivillige i Røde kors omsorg er engasjerte, positive, samarbeidsvillige og elskar det dei gjer. Dei har gjort seg bemerka ikkje berre her i Ørsta, men også på landsbasis.
Innsatsen deira betyr svært mykje for den einskilde, og skaper livsglede, aktivitet og deltaking.
Hjelpekorpset er den andre hovudgruppa i Ørsta Røde Kors. Der mange frivillige er engasjerte knytt til arbeid rundt søk og redning. Vi ser dei i samband med store og små leiteaksjonar, som td. den svært omfattande leitinga etter Maya for nokre år sidan. Hjelpekorpset driv frivillig skipatrulje på Bondalseidet, og har saman med Volda felles skredgruppe med nasjonal spisskompetanse. Hjelpekorpset har også ei båtgruppe.
For å lukkast med dette trengst det mykje trening, kursing, godkjenning, men og utstyr. Dei har faste øvings- og samlingsdagar i lokala til Ørsta Røde Kors i Strandgata. Her er det også samla mykje utstyr. Ørsta Røde Kors har også eiga sambandsgruppe, og har eit VHF-nett som kan brukast over heile kommunen dersom Nødnettet dette ut.
Ørsta Røde Kors har rundt 500 medlemmar, med 55 aktive i Hjelpekorpset og 35 aktive i omsorgsgruppa.
Vi håper prisen kan vere ein inspirasjon for vidare engasjement og arbeid i lokalsamfunna. Prisen til Ørsta Røde Kors er derfor også ei takk og anerkjenning til dei som gjer ein frivillig innsats i lokalmiljøa rundt om i heile kommunen.
Gratulerer med pris som årets Eldsjel!
Ørsta Røde Kors vann eldsjelprisen for 2024.
Ingvild Marie Taraldset / Ørsta kommune