Skyssbåt HjørundfjordenKommunen har ei ordning med skyssbåt i Hjørundfjorden som skal dekkje behov for skyss til fastbuande på Trandal der ferjetilbodet er avgrensa. Stadane Øye, Urke og Skår skal også inkluderast ved behov, og personar med arbeidsstad i desse bygdene kan også inkluderast i ordninga ved dokumentert behov.Dei som treng skyss må melde inn sitt behov for skyss til leverandør seinast fredag kl. 12.00 veka før turen skal gjennomførast. På den måten kan leverandør gjere ei prioritering av turar som kan gjennomførast i tråd med avtalen. Tilreisande som har behov for skyss over fjorden kan kontakte denne eller andre skyssbåtfirma direkte. Om avtalen Avtalen er med Christian Gaard Bygdetun AS.90 % av kilometerane skal etter avtalen gå til turar mellom Trandal-Sæbø/Sæbø-Trandal. 10 % av dei resterande kilometerane skal fordelast på turar til Øye, Urke og Skår. Alle kilometer etter avtalen skal nyttast dersom det er behov. Det vil seie at dersom det ikkje er etterspurnad etter skyss til Øye, Urke eller Skår, skal desse kilometerane nyttast til skyss til/frå Trandal. Og omvendt.For ruta Trandal-Sæbø/Sæbø-Trandal skal leverandør prioritere ut frå følgande liste:Medisinsk behov/legeArbeidBarnehageFritidsaktivitietarAndre turarFor turane til Urke, Øye og Skår gjeld ikkje same prioritering. Her må turane fordelast jamnt mellom dei ulike stadane dersom det er behov for det. Dersom det ikkje er behov for skyss til alle stadane skal alle turane gjennomførast til den ruta der det er behov for skyss. Prioritering for desse turane er at den som har bestilt turen først, får den.Leverandøren skal planleggje skyssen slik at avgongar og ankomstar ikkje står i direkte konflikt med ferjerutene. Det skal vere minst 30 minutt mellom planlagd skyssavgang/ankomst og oppsette ferjeavgongar.For turar som er bestilt, men ikkje avbestilt innan 24 timar før den skal gjennomførast, så går antal km etter avtalen på lik linje med om det hadde vore passasjerar på turen ein veg.Turane omfatta av avtalen går i tidsrommet måndag til fredag frå kl. 07.00 til 19.00. Skyssen skal følgje skuleruta og vere tilgjengeleg på dagar det er skule. Antal kilometer etter avtalen skal på best mogleg måte fordelast jamnt gjennom året. Det viktigaste er likevel at alle kilometer etter avtalen vert nytta. Er det ikkje behov for skyss ei veke, skal desse kilometer nyttast ei anna veke.Prisar For fastbuande og andre som skal nytte skysstenesten gjeld FRAM sine brukartakstar for hurtigbåt, berekna for ruta Store Kalvøy-Ålesund. Takstane endrar seg i tråd med takstane til FRAM.Enkeltbillet:Vaksen: 66 krBorn/honnør: 33 krPeriodebillett 30 dagar:Vaksen 1650 krBorn/honnør 825 krDersom leverandøren kan samordne bestillingar for ulike strekningar, skal passasjeren berre betale for strekninga vedkomande bestilte skyss til. Kontaktinformasjon Christian Gaard Bygdetun ASTelefon: +47 907 20 172christian-gaard.no