Tilskot til friluftsaktivitet

Tilskot til friluftsaktivitet

Bilde viser ein person og ein hund på eit snøkledd fjell. Personen kaster snø opp i luften, hunder hopper etter. - Klikk for stort bilete Julia Muller Jaskiewicz

Søk tilskot til friluftsaktivitet som stimulerer til direkte friluftsaktivitet, som for eksempel organiserte turar, friluftsleirer, praktiske kurs og anna opplæring i friluftslivsaktivitetar.

Formål: Formålet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremmande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for alle grupper i befolkninga.*

Kven kan søkje? Frivillige organisasjonar som er registrert i Enhetsregisteret (Brønnøysundregistera) og interkommunale friluftsråd som arbeider med aktivitetsfremmande tiltak for friluftsliv.

Kva kan det søkast tilskot til? Hovudsakleg friluftstiltak som stimulerer til direkte friluftsaktivitet, som for eksempel organiserte turar, friluftsleirar, praktiske kurs og anna opplæring i friluftslivsaktiviteter. Mindre deler av tilskotet kan brukast til innkjøp av enkelt utstyr og materiell når dette er nødvendig for å gjennomføre friluftslivsaktivitetane, som for eksempel fiskestenger, kompass eller nokon få enkle telt.

Søknadsfrist 1. desember

Meir informasjon

Søknadskjema hjå Miljødirektoratet

Kontakt

Ingvild Endal folkehelsekoordinator/kulturkonsulent
91765389
@ Ingvild Endal