Kulturprisen

Kulturprisen

Kulturprisen i Ørsta kommune er ei årleg utmerking som har som føremål å fremje og heidre framifrå kulturarbeid. 

Prisen kan gjevast til einskildpersonar, grupper, lag eller organisasjonar som har vist vedvarande evne og vilje til å yte ein ekstraordinær innsats innan kulturfeltet. Levekårsutvalet står for avgjerda om kven som skal få prisen, som vanlegvis vert delt ut på årets siste kommunestyremøte.

Tidlegare prisvinnarar

2024 – Marta Lystad

I vedtektene for kulturprisen for Ørsta kommune heiter det mellom anna: «Kulturprisen kan gjevast til einskildpersonar […] som høyrer heime i kommunen, og som har vist vedvarande evne og vilje til å yte kulturinnsats ut over det vanlege.»
Marta har i nesten 50 år bidrege som kreativ og skapande fotograf, og har fanga flotte minne i både portrett- og gruppesjanger over fleire generasjonar og til glede for mange. Lystad-bilete er kjende og kjære. Marta har motteke fleire prisar og heiderlege omtalar.

Ho har lagt ned eit særs viktig kulturminnearbeid med å digitalisere store delar av fotografmeister Olav Lystad sin fotoarkivskatt. Svært mykje av Ørsta si lokal- og kulturhistorie er no sikra og ivareteke gjennom bileta han tok av landskap, gatebilete, fabrikkbygningar, turnstemner, kongebesøk og mykje meir frå om lag 1930 til 1970.
Dette er viktig fotodokumentasjon som igjen kjem fram i dagens lys. Marta har soleis sikra at bileta er lettare tilgjengeleg for ålmenta, noko mange set og vil setje pris på i framtida.

Tusen takk for innsatsen, og gratulerer med kulturprisen 2024.

Marta held diplomen i handa og snakkar inn i microfonen. - Klikk for stort bileteFotograf Marta Lystad Johansen fekk kulturprisen for 2024. Ingvild Marie Taraldset / Ørsta kommune
2023 – Magne Ivar Sætre

I vedtektene for kulturprisen for Ørsta kommune heiter det mellom anna: «Kulturprisen kan gjevast til einskildpersonar […] som høyrer heime i kommunen, og som har vist vedvarande evne og vilje til å yte kulturinnsats ut over det vanlege.»

I ei årrekkje har Magne Ivar, gjennom sitt frivillige arbeid, sikra verdfull lokal kulturhistorie som kjem Vartdalsstranda og Ørsta til gode. Magne Ivar er soleis ein viktig kulturberar.

  • Han har vore med i redaksjonen for «Minne frå Vartdalsstranda», årsskriftet for Vartdalsstranda sogelag, frå starten i 1997 og som hovudredaktør sidan 2004. 
  • Han har også arbeidd med bildesamling på fiskerimuseet på Vartdal og skrive meir enn 150 artiklar om livet til vartdalingar, på sjø og land på heimesida til VD museet. 
  • Han har gjort mykje av arbeidet med innsamling av 700 stadnamn på Vartdal. 
  • Han har stått for dei fleste bygdevandringar på Nordre Vartdal der nær og fjern historie har vore presentert. 
  • Han er ein viktig bidragsytar til Wikipedia på nynorsk.

Magne Ivar er ein iherdig kulturarbeidar. Takk for innsatsen, og gratulerer med kulturprisen 2023.

Magne held opp diplomen, Per Are Sørheim står ved siden av. - Klikk for stort bileteMagne Ivar Sætre med diplom utdelt av ordførar Per Are Sørheim. Ørsta kommune
2022 – Vartdalsstranda generasjonskorps

Vartdalsstranda generasjonskorps vart forma på tidleg 2000-talet, og er ei forlenging av gamle Vartdal Hornmusikk, skipa i 1954, og Vartdalsstranda skulekorps, skipa i 1972.

Visjonen til korpset er samhald, sprell og speleglede. I dag er alderen på medlemane frå sju til 78 år. Fleire familiar har med både tre og fire spelande i rekkene, og kan med rette kalle seg eit generasjonskorps. Gjensidig respekt og samarbeid rår, der små og store spelar kvarandre trygge og gode.

Generasjonskorpset er viktig for lokalsamfunnet på bygdene langs Vartdalsstranda, og spreier musikkglede på tvers av generasjonar. 

Vi gratulerer!

Den yngste representanten frå Vartdalsstranda generasjonskorps, Mikael Espelund, tok i mot kulturprisen 2022 på vegne av korpset. - Klikk for stort bileteDen yngste representanten frå Vartdalsstranda generasjonskorps, Mikael Espelund, tok i mot kulturprisen 2022 på vegne av korpset. Her med varaordførar Karen Høydal. Ørsta kommune
2021 – Sunnmøre Baarelag

Sunnmøre Baarelag er pionerar og ein solid musikalsk institusjon. I over 40 år har bandet skapt bluesrock på Ørsta-dialekt og nynorsk.

Baarelaget er førebilete og ei stor inspirasjonskjelde for mange musikk- og kulturutøvarar. Musikken har medverka til styrking av lokal identitet og kortreist kultur. Baarelaget syner ein stå-på-vilje utanom det vanlege.

Ørsta kommune vil verdsetje og heidre denne innsatsen med kulturprisen 2021.
Gratulerer!

Sunnmøre Baarelag får Ørsta kommune sin kulturpris for 2021. Frå venstre ser me ordførar Stein Aam, Arne Moe, Kyrre Grimstad, Frode Sundnes, og Kjell-Rune Klubbenes. - Klikk for stort bileteSunnmøre Baarelag får Ørsta kommune sin kulturpris for 2021. Frå venstre ser me ordførar Stein Aam, Arne Moe, Kyrre Grimstad, Frode Sundnes, og Kjell-Rune Klubbenes. Ørsta kommune
2020 – Sverre Sørdal

Sverre Sørdal har i mange år vore ein entusiast og pådrivar som med ein uvanleg innsatsvilje har skapt musikkglede og godt miljø i lokalsamfunnet.

Han har i lengre periodar vore dirigent for Vartdalsstranda Skulekorps og Ørsta Hornmusikk. Som dirigent har han vist kva ein entusiastisk og målretta dirigent betyr, –  i seinare år også for Ungdomssymfoniorkesteret til kulturskulane i Ørsta og Volda. Sverre Sørdal var også rektor for Ørsta kulturskule i 1976–86.

Ørsta kommune vil verdsetje og heidre denne innsatsen med tildeling av kulturprisen i 2020.

Takk for innsatsen og gratulerer med kulturprisen 2020.

Kulturprisen 2020 gjekk til Sverre Sørdal.  - Klikk for stort bileteKulturprisen 2020 gjekk til Sverre Sørdal. Ørsta kommune
2019 – Silja Haddal Mork

Årets pris går til Silja Haddal Mork som festilvalgründer for Indiefjord på Bjørke. I 2019 vart denne festivalen arrangert for 6. gong, og den har etablert som eit unikt og intimt arrangement av høg kvalitet.

Festivalen er med på å gi Hjørundfjorden eit godt omdømme som reisemål og ein stad for dei gode kulturopplevingane.

Gjennom stort engasjement og kjærleik til indiepop, til Bjørke og til Hjørundfjorden har Silja og mange frivillige skapt eit samlings- og møtepunkt for lokalbefolkninga i Ørsta og Volda, og tilreisande festivaldeltakarar og band frå heile verda.

Festivalen har stor variasjon i programmet. I tillegg til musikk av høg kvalitet har Indiefjord vorte ein festival for kunst, kulturvandring, film, servering og andre aktivitetar. Utveljinga av band vert gjort med stor innsikt og kunnskap om sjangeren indiepop og miljøet kring denne musikksjangeren.

Indiefjord har greidd å balansere ei profesjonell og effektiv organisering og logistikk, med ei uformell, leiken og lite sjølvhøgtideleg form. Festivalen har ei magisk stemning som gjer at artistane og dei tilreisande ynskjer å kome att år etter år.

Silja Haddal Mork er ildsjel, pådrivar og mange frivillige vert mobilisert gjennom hennar kunnskap, engasjement og kontaktnett. Med støtte frå næringsliv, reiselivsaktørar, frivillige lag og privatpersonar har Indiepop med Silja i front sett Bjørke og Hjørundfjorden på kartet.

Silja har lova at festival nummer sju vert arrangert i juli 2020, så det er berre å glede seg!

Takk for innsatsen og gratulerer med kulturprisen 2019.

Silja kunne diverre ikkje vere til stade, difor tok mor Elin-Grethe og far Ivar i mot prisen. - Klikk for stort bileteSilja kunne diverre ikkje vere til stade, difor tok mor Elin-Grethe og far Ivar i mot prisen. Ørsta kommune

 

2018 – Roar Rønning

«Vedvarande evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats ut over det vanlege.»

Dette er henta frå vedtektene for kulturprisen for Ørsta kommune.

Roar Rønning har gjennom fleire tiår vore ein særs aktiv kulturutøvar. Stikkorda er m.a. lokalhistorisk arbeid, korpsarbeid, målrørsla og det frilynde ungdomslagsarbeidet. Roar Rønning har på desse områda ytt engasjert og samvitsfull innsats som summert gjer han meir enn godt kvalifisert til kulturprisen:

  • Redaktør for skriftserien «Mi gamle grend» for Hovdebygda soge- og velferdslag i 22 år
  • Redaktør for bladet «Jul på Sunnmøre»; i år for 32. gong
  • Sidan 1976 (til 2009) styremedlem og prosjektmedarbeidar i Ørsta Mållag
  • Sidan 1959 (og framleis) musikant, instruktør og tillitsvald i lokalt korpsarbeid.

Roar Rønning har stor arbeidskapasitet og er ein uvanleg kunnskapsrik, smålåten og aktiv kulturspreiar. Han er ein typisk lagspelar, oppteken av å få ting gjort og arbeider på ein målretta og stillferdig måte. Han held i alle samanhengar ein låg personleg profil, og fell aldri for freistnaden å framheve seg sjølv.

Det som er samla og prenta i grafisk form vil overleve oss alle. Det ligg mykje i det arbeidet som Roar Rønning har teke del i, koordinert og formidla til oss alle.

Takk for innsatsen og gratulerer med kulturprisen 2018.

Utdeling av prisen på rådhuset. - Klikk for stort bileteUtdeling av prisen på rådhuset. Vilde Moltudal Igland / Ørsta kommune
2017 – Christian Gaard Bygdetun

I kulturomgrepet er det mange element, ulike uttrykksformer, ulike meiningsinnhald og ikkje minst ulike aktivitetar. Mykje av det som menneska opplever er knytt til kultur, og det er viktig å sjå kva for verdiar kultur har. Kultur skaper fellesskap i samtida, men også slik at det vert knytt band mellom fortida over til nye generasjonar. Omgrepet kultur vert brukt i mange samanhengar, – ofte i samansette ord. 

Christian Gaard Bygdetun får kulturprisen knytt til det som er og vert skapt saman med fleire i den vesle bygda ved Hjørundfjorden. Dette viser att i fleire samanhengar og står fram som opplevingstilbod i eit særmerkt miljø med høve til deltaking både innan kultur, reiseliv og natur, – både åleine, i grupper eller i heilt store samanhengar som fleire flotte festivalar. 

Christian Gaard Bygdetun er eit høgdepunkt for unike opplevingar og minne, – fleire gonger og med framtida i møte.

Frå utdelinga av kulturprisen på Ørsta rådhus. - Klikk for stort bileteFrå utdelinga av kulturprisen på Ørsta rådhus. Ørsta kommune
2016 – Jostein Mo

Jostein O. Mo er ein kulturformidlar med stor entusiasme, kunnskap og idérikdom. Som forfattar, bilderedaktør og samlar ynskjer han å dele og formidle, og skaper stort engasjement blant lesarar og tilhøyrarar. 

Jostein O. Mo har vore tilsett for å leie og medverke til å utvikle kultur i Ørsta kommune i 35 år. Samstundes har han hatt verv i frivillig organisasjonsliv, mellom anna som leiar i Møre og Romsdal idrettskrets i 20 år og utvalsmedlem i idrettsforbundet i 25 år. Kombinasjonen mellom den frivillige innsatsen og arbeidet i kommunen har gitt stor meirverdi. 

Jostein O. Mo kunne kalle seg forfattar då boka ”Under Sunnmørsalpane” kom ut i 1990. Han har også skrive ei rekkje temahefte og jubileumsskrift og har vore bilderedaktør for Ørsta-kalenderen. 

Jostein O. Mo har hatt stor interesse for å samla bilete, postkort og minne om folk og hendingar i ei årrekkje. Han ynskjer å formidle dette, og har skapt opplevingar og entusiasme gjennom avisspalta ”Det var den gongen” i snart 30 år. Han tok initiativ til bokserien Ørsta-album, som med 15 bind har vorte ei merkevare og eit lokalhistorisk oppslagsverk med godt omdømme. I år kom boka om konfirmanthistoria til Ørsta kyrkje. 

Bøkene har høg kvalitet og vitnar om solid arbeid og høg kunnskap om utviklinga i kommunen og om menneska. Stort tilfang av kjelder, ei mengd engasjerte informantar som vil hjelpe til og folk på gata som etterspør og viser at dei set stor pris på arbeidet har vore til stor motivasjon. 

Jostein O. Mo er kjend som ein stor samlar med mange samleområde. Ei av samlingane er gjenstandar og bilde som handlar om Ørsta kyrkje. Denne samlinga vart vist fram og formidla i samband med kyrkjejubileet i 2014. Den største bruksgrafiske samlinga er Ivar Aasen-samlinga. Med utgangspunkt i denne kom ideen til eit nytt formidlingsprosjekt: Møre-Nytt-spalta ”Ivar Aasen i samtid og ettertid”, som no har passert nr 200. 

Jostein er målmann og arbeider aktivt for nynorsk, mellom anna gjennom nynorskkurs for tilsette i kommunar på nordvestlandet.

I 2012 fekk Jostein O. Mo Noregs Mållag sitt nynorskstipend, som han nytta til å hjelpe lag og organisasjonar med å lage lover og vedtekter på nynorsk. I tillegg laga han ei ordsamling for frivillige. 

Jostein er oppteken av at samlarglede er ein ressurs som må takast godt vare på. Difor har han teke initiativ til fleire samleutstillingar som knytte samlarar saman om felles interesser til stor glede for dei som kom og ville sjå.

Jostein tek vare på det som har vore, men er samstundes ein utviklar. Han var pådrivar og ein sterk ambassadør for kommunen då Ørsta vart kåra til kulturkommune i 2000, og engasjementet vart lagt merke til og sett pris på langt utanfor kommunegrensa då Ørsta vart kåra til nynorskkommune i 2013. 

Jostein O. Mo har sett varige spor etter seg som kulturformidlar, og er ein verdig mottakar av kulturprisen for 2016.

Kulturprisvinnar Jostein Mo og ordførar Stein Aam. - Klikk for stort bileteKulturprisvinnar Jostein Mo og ordførar Stein Aam. Ørsta kommune
2015 – Marita Bett Aakre

Vidareføring av kulturarv er ei viktig, men krevjande oppgåve.  Å skape noko nytt krev også innsats meir enn vanleg.  Å vere tradisjonsberar, aktuell og nyskapande er ekstra utfordrande når det skjer litt utanfor allfarveg.

Når dette lukkast, er ei kulturrørsle skapt. Satsing på visjonar og idérikdom kan gi nytt innhald og identitet der det finst far etter folk, og kan telje mykje for eit mangfald av folk i alle aldrar.

Å skape nytt liv i ein gard som har vore i slekta gjennom generasjonar krev ressursar. Med ymse tilskot og hjelp frå m.a. kulturvernlag og fylkeskonservatoren, har Bakketunet på Åkre i Hjørundfjord fått ei framtid å vere stolt av. I denne framtida, som allereie har engasjert notida, ligg eit godt  men ressurskrevjande grunnlag for formidling og opplevingar.

Marita Bett Aakre har her den viktige rolla med å verne tunet gjennom vidare bruk. Her vert det skapt innhaldsrike kulturprogram i eit miljø der fortida møter samtida. Kortreist kultur inspirerer omverda.  Her er det utstillingar, og her får kunstnarar og andre kulturpersonar inspirasjon i ein natur med lys, regn, skodde, fjell og fjord. Dette gjeld Bjørkebygda,  – midt i verda, i eit levande tun i sanninga sin augneblink.

Marita Bett Aakre har også gjevnader som kunstnar og formgjevar med fleire ulike uttrykk. Ho vil gjerne vise fram det som er skapt, noko vi gjerne vil sjå, oppleve og takke for. Det er mange kulturaktive seiemåtar og synspunkt som kan knytast til Marita Bett Aakre.

For Ørsta kommune er takksemd og framsnakking noko av grunnlaget for å heidre Marita Bett Aakre med kulturprisen for 2015. Heideren får ho personleg, og  Bakketunet  er med i ei samla vurdering av ein verdig prisvinnar. Gratulerer og lukke til vidare!

Gratulerer!  

Kulturprisvinnar 2015 Marita Bett Aakre. - Klikk for stort bileteKulturprisvinnar 2015 Marita Bett Aakre. Ørsta kommune

Vedtekter for Kulturprisen - Ørsta

Kontakt

Ingvild Endal folkehelsekoordinator/kulturkonsulent
91765389
@ Ingvild Endal