Øving
"Øving gjer meister" heiter det, og vi oppfordrar alle våre elevar til å øve på instrumentet sitt heime.
Går ein til speling ein gong i veka, men ikkje røyrer instrumentet sitt i mellomtida, så vert framgangen sakte, og motivasjonen kan vere vanskeleg å halde oppe.
Snakk med læraren din om øvevanar og planar slik at du finn ei rutine som passar deg!
Kontakt med heimen
Engasjement frå dei føresette spelar ei stor rolle i eleven si læring. Dei føresette vert inviterte til ein samtale på starten av året. Då får dei tilbod om å vere med speletimen og der lærar og føresette kan få prate litt om øvevanar, framgang og elles få sjå kva vi styrer med. Foreldra er sjølvsagt inviterte til å ta kontakt når som helst. God kommunikasjon mellom lærar og heimen er berre bra. Til sommaren får elevane ei skriftleg oppsummering av året.
Det er difor viktig at vi har dei rette kontaktopplysningane. Gi melding dersom de skiftar telefonnummer, e-post eller adresse. (Desse opplysningane må også stadfestast ved reregistrering kvart år.)
Skuleåret
Undervisning ein gong pr. veke i 36 veker. I tillegg vert to veker nytta til konsertar. I perioder fram mot konsertane kan det verte endringar i timeplan i samband med ulike samspelskonstellasjonar. Får eleven undervisning mindre enn 33 gongar, vert elevavgifta redusert.
Elevavgift og moderasjon
Sjå prisar og avgifter.
Instrument
Instrumentalelevane må sjølve syte for å eige/leige instrument. Kulturskulen har nokre blåse- og strykeinstrument til utleige. Instrumentleiga er kr. 500 pr. år. Korpsa leiger ut instrument til sine medlemmer.
Undervisningsdato
Kulturskulen har lokale på Kaihuset i Ørsta sentrum, og undervisning går hovudsakleg føre seg der.
Det må vere eit visst elevgrunnlag for at undervisning skal kome i gang, dersom læraren må reise til undervisningsstaden (Vartdal og Sæbø).
Til undervisning i visuell kunst disponerer vi lokale på Velle skule. '
Skuleåret
Kulturskulen følgjer skuleruta til grunnskulen, om ikkje anna er avtalt mellom lærar og elev.
SpeedAdmin
Ørsta kulturskule nyttar systemet SpeedAdmin til registrering av elevar, timeplanar kommunikasjon med elevar og føresette osb.
Elevar og føresette får brukarkonto i SpeedAdmin, der ein kan logge inn og mellom anna sjå timeplanen, frammøtehistorikk, kontaktinfo til lærar og meir.
Det er også her ein gjer påmelding, og reregistrering for neste skuleår om våren.
NB! Hjå nokre havnar e-post som er sendt ut frå SpeedAdmin i søppelpost.
Melding og fråvær
Gje beskjed, helst melding direkte til læraren din, om du ikkje kan møte til time. Du finn kontaktinfo i SpeedAdmin.
Nyttige lenkjer