Ørsta kulturskule har mange flotte tilbod, og held til i lokala på Kaihuset.
Vi kan mellom anna tilby:
- eit stort utval instrument
- song og kor
- drama/teater
- visuell kubnst
- kulturkarusell
- babyson
Sjå komplett liste på fagtilbod.
Undervisning vert gjeve med individuell instruksjon eller som gruppeundervisning. Kulturskulen er ein del av grunnmuren for kulturlivet i kommunen, og den deltek i fleire samarbeidsprosjekt med t.d. skular, kor og korps. For dei minste er det tilbod om babysong.

Kulturskulen på facebook
Øving
"Øving gjer meister" heiter det, og vi oppfordrar alle vore elevar til å øve på instrumentet sitt heime.
Går ein til speling ein gong i veka, men ikkje røyrer instrumentet sitt i mellomtida, så vert framgangen sakte, og motivasjonen kan vere vanskeleg å halde oppe.
Snakk med læraren din om øvevanar og planar slik at du finn ei rutine som passar deg!
Kontakt med heimen
Engasjement frå dei føresette spelar ei stor rolle i eleven si læring. Dei føresette vert inviterte til ein samtale på starten av året. Då får dei tilbod om å vere med speletimen og der lærar og føresette kan få prate litt om øvevanar, framgang og elles få sjå kva vi styrer med. Foreldra er sjølvsagt inviterte til å ta kontakt når som helst. God kommunikasjon mellom lærar og heimen er berre bra. Til sommaren får elevane ei skriftleg oppsummering av året.
Det er difor viktig at vi har dei rette kontaktopplysningane. Gi melding dersom de skiftar telefonnummer, e-post eller adresse. (Desse opplysningane må også stadfestast ved reregistrering kvart år.)