Leige kulturhuset

Leige kulturhuset

Kinosal
leige kinosal
Utleige av Pris kroner
Utleige utan billettsal (øving) 2 300
Teater, konsertar, show (proff) 9 000 (per framsyning)
Teater, konsertar, show, konferanser (amatør/lokal) 3 700 (per framsyning)
Avlysing av kino 2 900 (per framsyning)
Billettavgift (proff) 30
Billettavgift (lokal/amatør) 25
Kinoprojektor 500 (per time)
Leige av lyd og lys  2 500

Backstage er inkludert ved leige av kinosal.

Festsal
festsal pris
Type Pris kroner
Leige fredag, laurdag, søndag og bev.helgedag 3 100
Leige måndag, tysdag, onsdag og torsdag 2 300
Servicetilbod: rigging av bord og stolar (eksterne leigetakarar) 700 (+ mva)
Servicetilbod: rigging av bord og stolar (interne leigetakarar i Ørsta kommune) 700 (inkl. mva)
Projektor/lydanlegg i festsalen 600
Leige per duk 100
Foajeen

Leige av foajeen (om der ikkje er andre arrangement på huset): kr 900
 

Kjøkken

Leige av kjøkken: kr 900
 

Kafeteria
Bryllaup og lukka lag

Frå fredag kl. 16.00 til søndag kl. 12.00: kr 6 600
Berre laurdag: kr 4 400
 

Omførselshandel
Galleri/møterom

Leige av galleri/møterom: kr 300

LAN-party

Fredag–måndag: kr 20 000
Søndag–onsdag: kr 16 000

Avbestillingsgebyr

Eigne avbestillingsfristar for arrangement med billettsal, etter avtale med kulturhusleiar.

Satsar for bruk av personlege ressursar

Gjeld driftsteknikar: lyd/lys og tilrettelegging.

Kvardagar frå kl. 08.00–16.00: kr 400 per time
Fredag, laurdag, søndag, raude dagar, kveldar – frå kl. 16.00 og utover: kr 500 per time

  • Kaffipakke ved møter/konferanser (ved førehandstinging): 

    • 1 servering 25 kr per person 
    • 2 serveringar 40 kr per person
  1. Ein representant frå huset skal alltid vere til stades/tilgjengeleg ved leige av kinosal.
  2. Større arrangement og arrangement over fleire dagar etter avtale. Kulturhusleiaren kan forhandle seg fram til andre avtalar der det er naturleg.

Tillegg for førebuingar og hjelp etter avtale. Mat og drikke kan tingast på huset. Dukar kan leigast. 

Leige av inventar/utstyr til bruk utanfor Ørsta kulturhus: Etter eigen avtale med kulturhusleiaren. 

Eit viktig mål for oss på kulturhuset er å legge best mogleg til rette for leigetakarane. Gi oss gjerne tilbakemelding, både ros og ris!


Praktiske opplysningar

  • Når leigetakar låner nøklar og kvitterer for lånet, skal nøklane leverast attende første virkedag etter tilskipinga. På kvardagar dagtid kl. 9.00 – 15.00  eller på kveldstid v/kinoframsyning. 
  • Leigetakar kan berre nytte dei lokala det er gjort avtale om. Vert det nytta andre lokale enn det som er avtalt, vert desse fakturerte. Tinga lokale som ikkje er nytta blir også fakturert. 
  • Leigetakar skal rydde opp etter seg både inne og ute. Alt rusk på golvet skal sopast opp. Vert det brukt utstyr frå kjøkkenet, skal dette vaskast og ryddast på plass. Bossdunkane er på baksida av huset. 
  • Bord og stolar skal gjerast reine og handkleda skal hengast til tørk. 
  • Leigetakar må sjølv ordne med plassering av bord/stolar og rydde dei på plass etter bruk, om ikkje anna er avtalt