I Ørsta sentrum finn du Ørstahallen og symjehallen, i tillegg har dei fleste skulane i kommunen gymsalar for utleige og bruk.
Fleire lag og organisasjonar nyttar Ørstahallen og gymsalane.
Hallstyret fordeler treningstider i desse idrettshallane for kvart skuleår etter innkomne søknadar. I helgane vert Ørstahallen stort sett nytta til handballkampar, og det er difor kun unntaksvis at det går an å få halltid då. Grunna mange søkjarar, og begrensa halltid, har Hallstyret valt å prioritere innandørsidrettar ved fordeling.
Bruk av gymsalar ved øvrige skular i kommunen kan takast opp direkte med rektor på gjeldande skule.