InfluensavaksineKorleis kan ein få vaksine?Du kan få vaksine hos fastlegen eller på apoteka. Ørsta kommune brukar å tilby fellesvaksinering på hausten. Fellesvaksineringa for risikogruppene for sesongen 2026/2027 blir desse dagane i inngangshallen i Ørstahallen (tidspunkt kjem):Måndag 9. novemberOnsdag 11. novemberFredag 13. novemberMåndag 16. novemberKven bør vaksinere seg?Influensavaksine vert anbefalt til:Alle frå fylte 65 årBebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustadarI tillegg til barn og vaksne med:Kronisk lungesjukdomKronisk hjarte- og karsjukdomKronisk leversviktKronisk nyresviktKronisk nevrologisk sjukdom eller skadeNedsett immunforsvarDiabetes mellitus, type 1 og 2Svært alvorlig fedme (BMI over 40)Annan alvorleg eller kronisk sjukdomGravide frå 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester)I tillegg til risikogruppene blir det også tilrådd influensavaksine til:Helsepersonell som har pasientkontakt. Desse vert spesielt oppmoda om å vaksinere seg primært for å verne andre (indirekte vern) som pasientar og kollegaer og sekundært for eigen del.Personar som bur saman med personar nedsett immunforsvar.Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar