Tenesta er ikkje ein lovfesta rett, men eit velferdsgode som fylkeskommunen tilbyr innbyggjarane. Fylkeskommune vedtek beløpet som skal brukast, og korleis tenesta skal organiserast.
Kommunen behandlar søknadane, i tillegg til innmelding og utmelding av ordninga.
Kven kan få TT-kort?
- Personar som grunna si funksjonshemming er varig forflytningshemma og difor har vesentlege vanskar med å reise kollektivt, kan søkje om TT-kort
- Funksjonshemminga må vare i minst to år for at søkjar skal bli godkjent som TT-brukar
- Nedre aldersgrense er 10 år
- Manglande busstilbod eller vanskar med å bere gjev ikkje rett til TT-kort
Retningslinjer for TT-kort
Kva kan du bruke TT-kortet til?
TT-kortet er til fritidsreiser.
Du kan ikkje bruke TT-kortet til:
- Eigenandel til reiser med TT-kort
- Sjuketransport
- Legebesøk
- Andre reiser som vert dekt av NAV eller andre offentlege myndigheiter
Slik søkjer du om TT-kort
- Fyll ut søknad om TT-kort
- Legg ved legeerklæring
Søknadskjema
Legeerklæring
Send til:
Adresse: Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta
Meir informasjon finn du på heimesida til fylkeskommunen.
Klage på vedtak
Vedtaket er eit enkeltvedtak/einskildvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen må vere skriftleg og du må grunngi kva du klagar på.
Klagen sender du til:
Adresse: Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta
E-post: postmottak@orsta.kommune.no
Nyttige lenkjer