Tryggleiksalarm er eit varslingssystem der brukar kan tilkalle hjelp ved fall eller andre ulukker. Dette skal bidra til auka tryggleik i heimesituasjonen og til å førebyggje behov for andre tenester.
Tryggleiksalarm er ikkje ei lovpålagt teneste i kommunen. Tildeling vurderast med utgangspunkt i kartlegging av funksjonivå, der det vert lagt vesentleg vekt på evne til å ivareta eigenomsorg.
Kriterier for tildeling av tryggleiksalarm
- Søkjar må av helsemessige årsaker ha høg risiko for fall/skade seg og som følgje av dette vere ute av stand til å tilkalle hjelp pr. telefon/mobiltelefon
- Kronisk sjukdom som hindrar deg i å bruke vanlege telefon eller mobiltelefon
- Høg alder/bur åleine
- Bur i ueigna bustad
Ved aktivering av alarmen vert kommunal vaktteneste varsla. Vakttenesta vil formidle kontakt vidare til dei som er oppført på varslingslista.
Slik søkjer du
Søk om tryggleiksalarm i “Søknadsskjema for helse- og omsorgstenester” kryss av for “Tryggleiksalarm".
Søknadsskjema
Utskiftsvenleg versjon