Støttekontakt

Støttekontakt

Støttekontakt er eit tilbod til personar som grunna funksjonsnedsetjing eller av andre årsaker har utfordringar med å delta på sosiale arenaer eller vere aktiv på fritida utan hjelp i frå andre. 

Ei støttekontakt kan bidra med å auke sosial deltaking i kvardagen og leggje til rette for ei meiningsfull fritid. 

Aktivitetar som ei støttekontakt kan hjelp med kan mellom anna vere: 

  • turar
  • trening
  • besøke vener/familie
  • kafébesøk
  • kino eller andre kulturarrangement

Tenesta er gratis, men brukaren må sjølv rekne med å dekkje eigne utgifter medan han/ho er saman med støttekontakta. Køyring utover det kommunen dekker, må brukar dekke sjølv.

Slik søkjer du 

Søk om støttekontakt i “Søknadsskjema for helse- og omsorgstenester” kryss av for “Støttekontakt”.

Søknadsskjema
Utskiftsvenleg versjon

Vil du jobbe som støttekontakt?

Det vert ikkje stilt krav til formell utdanning for å verte godkjend som støttekontakt, men ei støttekontakt må vere omgjengeleg og glad i å vere saman med andre. Ei støttekontakt har teieplikt. 

For å bli støttekontakt må du vere 16 år.

Bli støttekontakt ved å send inn skjemaet:

Registrering støttekontakt

Nyttige lenkjer

Kontakt

Liv Berit Hauge sakshandsamar
48993469
@ Liv Berit Hauge
Mette Ulvestad Dyb sakshandsamar
90853250
@ Mette Ulvestad Dyb
Runa Bakke tenesteleiar Helse, tildeling og koordinering
91621147
@ Runa Bakke