Parkeringsløyve for forflyttingshemma

Parkeringsløyve for forflyttingshemma

Parkeringsløyve er eit hjelpemiddel for personar, som på grunn av vesentleg nedsatt forflyttingsevne, har særleg behov for parkering på ein eller fleire konkrete stadar der det tilgjengelege parkeringstilbod ikkje kan nyttast. 

Kven kan få parkeringsløyve?

Er du sjåfør av ein motorvogn som har særskilde behov for parkeringslette i samband med bustad, arbeid og/eller annan aktivitet fordi du ikkje kan gå eller har store problem med å bevege deg over noko lengd. Eller passasjer som treng følgje og/eller ikkje kan vente ved inngangen medan bilføraren parkerer på vanleg parkeringsplass. Då kan du søkje parkeringsløyve for forflyttingshemma.

Ved tildeling vert både medisinsk betinga bevegelseshemming og det faktiske behovet for parkering vurdert.

  • Problemer med å bære, eller behov for å bruke bil gir ikkje i seg sjølv grunnlag for parkeringsløyve.
  • Legeerklæringa er ikkje det einaste grunnlaget for vurdering av om søkjaren bør få utstedt parkeringsløyve.
  • I søknaden må det gjerast greie for dei forhold som gjer at det er behov for å parkere på stadar der det tilgjengelege parkeringstilbod ikkje kan nyttast.

 

Korleis søkjer du?

Søk via vårt digitale søknadskjema.

Søknadsskjema 

(eller skriv ut PDF)

Du må legge ved erklæring frå lege som fortel kvifor du har behov for parkeringskort. Dersom søknaden vert innvilga, treng vi eit bilete av nyare dato. 

Hugs at parkeringsløyvet er personlig tildelt og må kun nyttas av kortinnehavar. Kortet må sjåast på som eit verdipapir.
 

Nyttige lenkjer

Forskrift om parkeringstillatelse for forflyttningshemma

Kontakt

Ørsta kommune
70049700
@ Ørsta kommune
Janne Gerd Dagfinrud konsulent service og dokumentasjon
48227912
@ Janne Gerd Dagfinrud
Elisabeth Sæbønes avdelingsleiar Service og dokumentasjon
91685027
@ Elisabeth Sæbønes