Omsorgsstønad

Omsorgsstønad

Hovudformålet med omsorgsstønad er å bidra til best mogleg omsorg for personar som har eit særleg stort omsorgsbehov på grunn av alder, funksjonshemming eller sjukdom. Den skal gjere det mogleg for private omsorgsgivarar å halde fram med omsorgsarbeidet.

Kva er omsorgsstønad?

  • Omsorgsstønad er eit økonomisk støttetiltak til personar med særleg tyngande omsorgsarbeid.
  • Omsorgsstønad kan bli gitt i staden for, eller saman med kommunale tenester.
  • Den som mottek omsorgsstønad utfører nødvendig omsorgsarbeid som elles ville høyrt under helse- og omsorgstenester i kommunen, til dømes personleg pleie, hjelp til innkjøp, matlaging og tilsyn. Dette er oppgåver som naturleg vert gjort i heimen.
  • For dei tidsromma andre har ansvaret for den som mottek omsorg, som til dømes i skuletid eller ved avlastning, vert det ikkje gitt omsorgsstønad.
  • Omsorgsstønad vert gitt for ei avgrensa tidsperiode og vert revurdert ved behov eller endra omsorgssituasjon.
  • Omsorgsstønaden tek ikkje sikte på å godtgjere den som gir omsorg time for time, men er ein viss
  • Økonomisk kompensasjon til personar som har særleg tyngande omsorgsarbeid.

Meir informasjon på helsenorge

Kven kan få omsorgsstønad?

  • Det må søkast om ytinga.
  • Omsorgsarbeidet må skje i heimen
  • Omsorgsstønad kan bli gitt til ektefelle, foreldre med omsorgsplikt for mindreårige bom og andre frivillige omsorgsgivarar utan omsorgsplikt.
  • Omsorgsstønad vert gitt til den som har omsorgsarbeidet, ikkje til den som treng omsorg.
  • Både kommunen og den som har behov for hjelp vurderer at det er den private personen si omsorg som er det beste alternativet.
  • Omsorgsstønad vert vurdert opp mot andre tenester frå kommunen og det er kommunen som skal finne den mest formålstenlege fordelinga etter ei individuell vurdering. Det totale tilbodet skal vere på eit forsvarleg nivå.
  • Ved val av tenester kan kommunen vurdere kva som økonomisk er mest formålstenleg.

Slik søkjer du

Søknadsskjema

Ved søknad om omsorgsstønad vert det gjennomført ei brei kartlegging der momenta i Rundskriv I-42/98 frå sosial og helsedepartementet (no helse og omsorgsdepartementet), vert vurdert.