Middagsombering

Middagsombering

Middagsombering er varm middag levert på døra. 

Ørsta kommune tilbyr middagsombering til heimebuande som ikkje klarer å lage middag sjølv eller på anna måte ivareta sitt ernæringsbehov. 

Tilbodet er ei behovsprøvd teneste. Det vil seie at du må søkje til kommunen om å få dette innvilga. 

Kven er det for?

  • Heimebuande som på grunn av helseplager eller funksjonstap ikkje klarer å varme mat sjølv.
  • Personar som har behov for spesialkost/diett og som har vanskar med å handtere dette sjølve. Behov for diett må vere knytt til anbefaling frå lege/helsepersonell.
  • Personar som har ernæringsvanskar, eller står i fare for å få det.

Kva kan du forvente?

Middagen vert levert varm heim til deg i varmeisolerande emballasje. Maten vert køyrd ut mellom kl. 14.00–17.00. Utkøyring er inkludert i prisen.

Slik søkjer du

Søk om dette i “Søknadsskjema for helse- og omsorgstenester” huk av for “Middagsombringing”.

Søknadskjema
Utskiftsvenleg versjon
 

Pris

Matomberings
Vare Pris
Varm mat levert i privat heim 125,-
Sal av frukost/lunsj/kvelds i institusjon/bufellesskap 75,-
Fullkost i bufellesskap pr. døgn 210,-
Fullkost i bufellesskap pr. mnd 6 300,-

Nyttige lenkjer

Brosjyre

Kontakt

Matombering
90472967
@ Matombering