Kreftkoordinator

Kreftkoordinator

Ørsta kommune har eigen kreftkoordinator/kreftsjukepleiar som kan tilby hjelp og støtte til kreftramma og deira pårørande. 

Kreftkoordinator kan vere tilgjengeleg for kreftpasientar i ulike faser av sjukdomen, for pårørande og andre aktuelle. Ho/han kan gje råd, rettleiing og samtalar og vere med på å sikre ei trygg og heilskapleg omsorg i heimekommunen. Kreftkoordinator samarbeider tett med fastlegar og sjukehus.

Vedkommende skal også vere ein ressursperson for anna helsepersonell, gje råd, rettleiing og undervisning.

Pakkeforløp heim for pasientar med kreft

Alle som får ei kreftdiagnose får tilbod om "Pakkeforløp hjem for pasienter med kreft". Pakkeforløpet skal sikre ein god overgang mellom sjukehus og kommune, slik at pasient og pårørande skal for god oppfølging gjennom heile forløpet. Pakkeforløpet er eit tilbod om samtalar for å få fram dine behov for tenester og oppfølging, utover sjølve kreftbehandlinga. Meir informasjon.

Det er din livssituasjon og kva som er viktig for deg, som skal stå i fokus. 

Nyttige lenkjer

Kontakt

Solfrid Simonnes de Crane kreftsjukepleiar/kreftkoordinator
@ Solfrid Simonnes de Crane
Heimetenester Sentrum
47713099
Aina Botn Bondhus Kreftsjukepleiar. Om kreftkoordinator er fråværande.
41544806