Praktisk bistand (heimehjelp)

Praktisk bistand (heimehjelp)

Prakisk bistand, også kjent som praktisk bistand, er ei teneste som tilbyr rettleiing og praktisk hjelp i heimen. Tenesta er utforma for å støtte brukarane i deira daglege gjeremål og bidra til å oppretthalde deira sjølvstende og livskvalitet.

Kva inneber heimehjelp?

Heimehjelp omfattar ei rekke oppgåver som er viktige for å oppretthalde eit reint og trygt heimemiljø. Dette kan mellom anna vere:

  • Reingjering
  • Skifte sengekle
  • Klevask
  • Bestille daglegvare

Førebygging og støtte

Eit viktig aspekt ved heimehjelp er fokus på førebygging og støtte til brukarane sine eigne ressursar. Dette inneber å rettleie og oppmuntre brukarane til å delta i oppgåvene så langt det er mogleg, for å styrke deira sjølvstende og meistringskjensle.

Pris

Heimehjelp er ei betalingsteneste, satsane er vedteke av kommunestyret.

heimehjelp prisar
 InntektsgrunnlagPris per mnd
0–2 GInntil kr 260 320245 kr*
2–3 Gkr 260 321 til kr 390 4801 710 kr
3–4 Gkr 390 481 til kr 520 6402 135 kr
4–5 Gkr 520 641 til kr 650 8002 570 kr
,>5 Gkr 650 801 og over2 900 kr
Timesats for enkelttimar485 kr

*Fastsett i sentral forskrift og kan bli endra.

1G = 130 160,- frå 01.05.25. 

Abonnement
Betalingsvanskar
Timesats