Korleis fungerer digital heimeoppfølging i praksis?
Ved oppstart av tenesta vil helsepersonell frå oppfølgingstenesta ved Søre Sunnmøre legevakt reise på eit heimebesøk. Brukaren vil få nødvendig måleutstyr og god opplæring i å bruke det. Han eller ho vil også få installert ein enkel app på telefon eller nettbrett. Appen nyttast til å sende inn målingar og svar, og til kommunikasjon med oppfølgingstenesta.
Dei første 2–6 vekene skal brukaren utføre daglege målingar slik at oppfølgingstenesta får kartlagt kva som er normale verdiar for denne personen.
Så vil brukaren få ein eigenbehandlingsplan . Planen blir laga i samarbeid med brukar, fastlege og oppfølgingstenesta. Planen gir rettleiing om kva brukaren skal gjere ut i frå kva målingane og dagsforma seier. Planen er bygd opp etter ein trafikklys-modell.
Trafikklys-modellen er slik at når målingane og dagsforma er innanfor det normale for brukaren, er brukaren i grøn sone. Viss derimot målingane er dårlegare enn normalt kan brukaren kome i gul eller raud sone. Brukaren skal følgje dei tiltaka som er anbefalt under den aktuelle sona i eigenbehandlingsplanen. Tiltaka er allereie avklart med lege og tilpassa den enkelte sin situasjon.