Demenskoordinator

Demenskoordinator

Demenskoordinator er kommunen sin ressursperson med spesialkompetanse på demens. Koordinatorane følger opp heimebuande med demens sjukdom og deira pårørande, i alle fasar av sjukdomen.

Kontakt med demenskoordinator er eit lågterskeltilbod. Det betyr at du ikkje trenge tilvising eller treng å søkje for å ta kontakt med demenskoordinator. Alle som har spørsmål eller behov for å snakke om demenssjukdom kan ta kontakt.

Tilbodet er gratis.

Meir informasjon

Kontaktinformasjon til demenskoordinator

Demenskoordinator er tilgjengeleg kvar onsdag. Får du ikkje svar, så send melding så tek vi kontakt så snart som råd.

Kontakt Bodil Skare

Unngå sensitiv opplysning, om du tek kontakt per. e-post.

Kva kan demenskoordinator hjelpe deg med?
  • Vere ei støtte og gi råd og veiledning til den som har demens og pårørande
  • Gi informasjon om ulike typar demens sjukdomar og korleis utredninga av sjukdomen føregår
  • Individuelle samtalar
  • Bistå fastlegen i utredninga og oppfølging av din demenssjukdom
  • Kartleggingssamtale og utgreiing med brukar og pårørande.
  • Gi informasjon om aktuelle tilbod og tenester i kommunen og hjelpe med å søkje om teneste
  • Oppfølging av brukar og pårørande og vere bindeledd med hjelpeapparatet
  • Arrangere pårørandeskule og og støtte opp under samtalegruppe for pårørande
  • Kartlegge behov og gi råd om hjelpemiddel som støttar hukommelse og bidreg til tryggleik
  • Vere ressursperson for personar med demens i kommuna, både for deg som er ramma av demens sjukdom, pårørande, tilsette og næringslivet
Kva er demens?

Demens er ei fellesnemning for ei gruppe hjernesjukdommar som er kjenneteikna ved svikt av intellektuelle funksjonar, kjenslemessig kontroll og funksjonsevner i høve dagleglivet sine utfordringar. Den mest kjende og vanlegaste demenssjukdomen er Alzheimers sjukdom. Vaskulær demens, frontallapps-demens og Lewylegeme-demens er døme på andre sjukdomar som gjev kognitiv svikt. Demens sjukdom er mest vanleg i høg alder.

Kva er dei vanlegaste symptoma?

Det er eit grenseland mellom kva som er normal aldersbetinga forandring i hjerna og demens sjukdom. Denne fasa blir kalla mild kognitiv svikt.

Tidleg teikn på demens sjukdom kan vere ein eller fleire av desse symptoma:

  • Vanskar med å utføre vanlege daglegdagse oppgåver
  • Språkvanskar, særskilt med å hugse namn på ting eller personar
  • Problem med merksemd og konsentrasjon
  • Vanskar med å hugse tid og stad
  • Svekka dømmekraft t.d. vanskar med økonomi
  • Svikt i hugsen som pårverkar arbeidsevnen
  • Gløymer nylege hendingar og gjentek historier
  • Forandring i humør og åtferdsendringar
  • Feilplassering av gjenstandar
  • Tap av initiativ og engasjement
Pårørande
  • Pårørande er ofte dei som først oppdager symptom. Med din kjennskap til personen som får kognitiv svikt, er du ein viktig ressurs i utredninga, og ikkje minst i oppfølginga gjennnom sjukdomsforløpet. Pårørande opplever situasjonen ulikt, men eit fellestrekk er at dei kan ha behov for informasjon, støtte og hjelp til å mestre si rolle som pårørande. Demenskoordinator kan vere ein støttespelar.
  • Ørsta kommune samarbeider med Volda kommune og Nasjonalforeininga for folkehelse om å arrangere pårørandeskule kvar haust. Kurset går over 4 kveldar. Etter kurset kan du delta i samtalegrupper.
Korleis føregår demensutredning?
  • Dersom du opplever ein eller fleire av symptom som kan tyde på ein demens sjukdom, er det viktig å bli undersøkt av fastlegen. I nokon tilfelle kan det dreie seg om andre sjukdomar eller tilstandar som er muleg å behandle. Dersom det er demens sjukdom, kan det vere aktuelt å prøve ut medisinar.
  • Demensutredning starter med fastlegen, gjerne med ein pårørande til stade. Fastlegen innhentar sjukehistorie, undersøker deg, tek blodprøve og henviser til MR eller CT av hovudet. I tillegg er det nødvendig å gjennomføre ei kartlegging av din hukommelse, andre kognitive funksjonar og korleis du fungerer i kvardagen.
  • Det må innhentast opplysningar frå ein pårørande. Fastlegen vil i mange tilfelle samarbeide med kommunen sin demenskoordinator om gjennomføring av utredninga. I nokon tilfeller vil fastlegen henvise til spesialisthelsetenesten for utvida utredning.
Hjelpemiddel og velferdsteknologi
  • Det kan vere aktuelt å nytte teknologi i forhold til kognisjon, sikkerheit og varsling. Viktig å tilrettelegge heimesituasjonen slik at kvardagen i heimen fungerer greit. Nettstaden Hvakanhjelpe.no har mange nyttige tips.
  • Nokon hjelpemiddel kan du kjøpe sjølv. Nokon hjelpemiddel kan du søkje NAV Hjelpemiddelsentral om. Ergoterapeut i kommunen kan hjelpe med å søkje til NAV.
Dagaktivitetstilbod i kommunen

Nyttige lenkjer

 

Tilbod til unge pårørande

Lokale dokument

Kontakt

Demenskoordinator Ørsta
91113578
@ Demenskoordinator Ørsta
Bodil Skare offentleg godkjend hjelpepleiar
95906493
@ Bodil Skare