Brukerstyrt personleg assistent (BPA)

Brukerstyrt personleg assistent (BPA)

Føremålet med BPA (brukarstyrt personleg assistanse) er å gi personar med stort hjelpebehov større fridom til å styre tenestene og kvardagen sjølv.

Kva er BPA?

BPA er ein alternativ måte å organisere praktisk hjelp og opplæring på, for personar med langvarig og stort behov for personleg assistanse eller avlasting for barn under 18 år. 

Ei god rettesnor er at det folk vanlegvis greier sjølv, kan også ein assistent gjere, så lenge det skjer på ein forsvarleg måte.

Kven kan få BPA?

For å ha rett til å få hjelpebehovet organisert som BPA:

  • må du være under 67 år
  • ha eit langvarig hjelpebehov, dvs. meir enn 2 år
  • og omfanget av hjelpa må vere over 32 timer kvar veke.

Under visse vilkår kan retten til BPA også gjelde om hjelpebehovet er mellom 25 og 32 timar kvar veke.

Når hjelpa di vert organisert som BPA, er det du sjølv, eventuelt med hjelp frå andre/pårørande, som organiserer og leiar arbeidet.

Det er eit krav at den som er arbeidsleiar kan leie ordninga på ein forsvarleg måte.

Du kan lese meir om ordninga på helsenorge.no.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis, men nokre av tenestene som er inkludert i BPA-ordninga må du framleis betale for. Det gjeld timane som blir nytta til reinhald og klevask, og her betalar du timesats.

Slik søkjer du

Søknadskjema
Utskiftsvenleg versjon