Vallastova

Vallastova

Vallastova er ei somatisk langtidsavdeling med 24 plassar. Avdelinga skal sikre eit tilbod om heildøgns pleie og omsorg når denne hjelpa ikkje kan bli gitt i eigen heim. 

Avdelinga er lokalisert i 2. etg. på Ørstaheimen ved kantina, og personalgruppa består av helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, assistentar og spesialsjukepleiarar. Vi samarbeider tett med andre avdelingar på og utanfor Ørstaheimen, og andre faggrupper i kommunen.

Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø. Vi arbeider etter primærkontaktprinsippet, og alle får tildelt ei primær- og sekundærkontakt som er spesielt ansvarlig for å ha jamleg kontakt med bebuaren og pårørande. Avdelinga er delt i to grupper der kvar gruppe har sitt eige kjøkken og stove. Alle rom er einerom med eige bad og toalett, og det er høve til å ta med private møblar, tv m.m etter ønske.

Vallastova er heimen til kvar enkelt bebuar, og vi har fokus på å sjå individuelle behov, og å skape eit godt fellesskap og sosialt miljø. I tillegg til kjøkken og stove har vi Blåstova midt i avdelinga som fellesareal. Her har vi eit flott akvarium med ulike fiskar, og her liker også huskatten vår å slappe av. Vi speler ofte musikk og nokre tek seg ein svingom ein gong i blant. Pårørande og vener av bebuarane er hjertelig velkomne, og vi set pris på godt samarbeid for eit best mulig tilbod til den enkelte.

Brosjyre

Telefonnummer til avdelinga og avdelingsleiar finn du nedst på sida. 

Pårørande og besøk

Pårørande og vener av bebuarane er hjertelig velkomne, og vi set pris på godt samarbeid for eit best mulig tilbod til den enkelte. Vi har fokus på at Vallastova skal vere ein god stad å vere og trivsel for den enkelte.

Praktisk informasjon
  • Avdelinga dekker pleie, kost, medisinar og medisinsk forbruksmateriell.
  • Hygieniske artiklar som t.d. tannkrem, dusjsåper, barbersaker må ein halde sjølve.
  • Teppe på golvet er diverre ikkje tillete grunna hygieniske prinsipp og fare for fall.
  • Private kle blir vaska i internvaskeriet. Alle klede må merkast før vask, og det er anbefalt å vaske klede er spesielt redde for, heime. Alle kle som skal vaskast her må kunne vaskast i maskin.
  • Avdelinga kan dessverre ikkje ta ansvar for verdisaker som blir oppbevart på rommet. Personalet kan ta hand om «lommepengar» som blir innelåst og kvittert inn og ut.
  • Vi har ikkje visittider, men ber om at rutinene rundt måltida vert haldne. Vi ønskjer ikkje at pårørande er tilstades under måltida i matsalen.
  • Høyreapparat bør forsikrast.
Måltid

Kl. 08.00: Morgonstell med påfølgande fellesfrukost.
Kl. 12.30: Lunsj. Fortrinnsvis eit lettmåltid med varmmat.
Kl. 15.30: Middag. Pårørande som er på besøk kan kjøpe middag i kantina før kl. 14.00. Det er også anledning til å kjøpe te og kaffi.
Kl. 19.00: Kveldsmat.

Aktivitetstilbod

Vi har...

  • fellestrim
  • lesestund
  • kor
  • andakt
  • bingo
  • laurdagskafè

Vi får besøk av...

  • konfirmantar
  • barnehageborn
  • besøkshund

Kontakt

Vallastova hovudnummer
95712155
@ Vallastova hovudnummer
Lisa Mari Korsfur Silseth Avdelingsleiar Vallastova
95712155