Solkroken

Solkroken

Solkroken er eit bufellesskap med 14 bebuar-rom og er delt i 2 grupper med i alt 15 bebuarar.  Avdelinga skal sikre eit tilbod om heildøgns pleie og omsorg når denne hjelpa ikkje kan bli gitt i eigen heim. 

Avdelinga er lokalisert lengst mot vest ved Ørstaheimen, og personalgruppa består av helsefagarbeidarar, sjukepleiarar og assistentar. Vi samarbeider tett med andre avdelingar på og utanfor Ørstaheimen, og andre faggrupper i kommunen.

Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø. Vi arbeider etter primærkontaktprinsippet, og alle får tildelt ei primær- og sekundærkontakt som er spesielt ansvarleg for å ha jamleg kontakt med bebuaren og pårørande. Avdelinga er delt i to grupper der kvar gruppe har sitt eige kjøkken og stove. Alle rom har eige bad og toalett, og det er høve til å ta med private møblar, tv, m.m. etter ønske.

Solkroken er heimen til kvar enkelt bebuar, og vi har fokus på å sjå individuelle behov, og å skape eit godt fellesskap og sosialt miljø. Pårørande og vener av bebuarane er hjertelig velkomne, og vi set pris på godt samarbeid for eit best mulig tilbod til den enkelte.

Telefonnummer til avdelinga og avdelingsleiar finn du nedst på sida.

Daglege rutiner
Besøk
Andakt
Praktisk informasjon og råd

Kontakt

Solkroken hovudnummer
95712144
@ Solkroken hovudnummer
Grete Hagen Myklebust avdelingsleiar
47906593
@ Grete Hagen Myklebust