Korttidsavdelinga

Korttidsavdelinga

Avdelinga tek i mot pasientar i ulike aldersgrupper, diagnose og behov, både frå sjukehus og heimen. Alle blir kartlagt og vurdert individuelt. Målet til Ørsta kommune er at alle skal bu heime i eigen bustad lengst mogleg. 

Vi følger opp trening på daglege aktivitetar så langt det let seg gjere.

I periodar er det mange som har behov for plass Då må pasientane rekne med å måtte dele rom, og/eller flytte rom internt i avdelinga. Avdelinga har 16 rom.

Avdelinga har plassar til augeblikkeleg hjelp

Dette gjeld pasientar som elles ville blitt innlagd på sjukehus. Tilbodet skal vere betre, eller like godt som eit alternativ i spesialisthelsetenesta. Det skal bidra til å redusere talet på augeblikkeleg-hjelp innleggingar til sjukehus.

Fordel: Geografisk nær, kjent miljø for mange, lokale samarbeidspartar gjer det lettare å lage gode opplegg etter augeblikkeleg hjelp fasa. Det er lege som skal legge inn pasienten på augeblikkeleg hjelp, og opphaldet er avgrensa til 3 døgn.

Vi samarbeider med heimetenester, lege, tildelingskontor, kreftsjukepleiar, ergoterapeut og fysioterapeut.

Brosjyre

Telefonnummer til avdelinga og avdelingsleiar finn du nedst på sida. 

Besøk

Besøkstida på avdelinga er kl. 10.00–20.00

Inngang: Hovuddøra på framsida nede blir automatisk stengd kl 16.00. Hovudinngang på baksida ved kantina er open til kl. 20.00.

Det kan gjerast avtalar om besøk utanom besøkstidene. Dette må avtalast med personalet. 

Vi vil ikkje at pårørande skal opphalde seg i stove/matsal i avdelinga, eller tilhøyrande veranda. Dersom ein ynskjer å ta med pasient ut, kan ein nytte veranda ved kantina. Dersom pasienten bur på dobbeltrom, ber vi pårørande og andre brukar kantina ved besøk.

Kvardagar er det høve for besøkande å kjøpe seg middag i kantina fram til kl. 14.00.

Måltid

Kvardagar
Frukost kl. 08.30–10.00 
Lunsj kl. 12.30
Middag kl. 15.30 
Kveldsmat kl. 19.00 
Sein kvelds ved behov kl. 21.00 

Helg
Frukost kl. 08.30–10.00
Frukt/drikke kl. 11.00
Middag kl. 13.00
Kaffi og kaker kl. 16.00
Kveldsmat kl. 19.00
Sein kvelds ved behov kl. 21.00

Aktivitetstilbod

Faste aktivitetstilbod kvar veke:

  • Nokre dagar har vi tilbod om fellestrening i rehab.salen kl. 11.15.
  • Andakt i kantina: torsdagar kl. 10.30.
  • Her er fysioterapeut kvar dag.

Tilbodet er behovsprioritert.

Praktiske råd
  • Private kle må vaskast privat. Det er ein fordel at privattøy er merka. Dette har pasient og pårørande sjølve ansvar for.
  • Økonomi: Unngå å oppbevare for mykje kontantar på rommet, helst ikkje meir enn kr 500,-. Pasienten har sjølv ansvar for
    verdisakene sine.
  • Det er fint om pasienten har eigen mobiltelefon slik at vakttelefonane til personalet blir minst mogleg opptekne.
  • Pasienten har ikkje høve til å ta med seg eigne møblar/TV til avdelinga.

Kontakt

Korttidsavdeling hovudnummer
95712121
@ Korttidsavdeling hovudnummer
Dagrun Opsal avdelingsleiar
48070965
@ Dagrun Opsal