Møteplassen aktivitetssenter & kafé

Møteplassen aktivitetssenter & kafé

Møteplassen aktivitetssenter & kafé på Viketunet er ope for alle. Det er ein plass ein kan gå innom for å lese aviser, kjøpe seg ein kaffi eller litt mat, og slå av ein prat.

Møteplassen har som målsetting å gje menneske med psykiske lidingar eit tilbod til å betre sin livskvalitet gjennom deltaking i ulike aktivitetar. Aktivitetane vil vere ei hjelp til brukaren for å strukturere kvardagen, opparbeide sosial trening, skape nettverk og etablere felleskap.

Besøksadressa er Berte Kanuttevegen 4, 6150 Ørsta.

Følg Møteplassen på Facebook

Møteplassen - Aktivitetssenter er ein del av den kommunale tenesta for psykisk helse og administrativt lagt inn under tenesteområdet Heimetenester
 

Opningstider

Måndag: 09.30–15.00
Tysdag: 09.30–15.00
Onsdag: 11.30–18.00
Fredag: 09.30–15.00
 

Gåtur

På torsdagar er det gåtur kl. 10.30 for dei som har lyst til å vere med. Ta kontakt per telefon om du ynskjer å vere med. So får du tilsendt på SMS om turmål kvar veke. 

 

Brosjyre

Kontakt

Joanne Picton Aarseth avdelingsleiar psykisk helse og rus
99495111
@ Joanne Picton Aarseth
Aase Elise Castberg miljøarbeidar
@ Aase Elise Castberg
Viketunet Møteplassen Aktivitetssenter & kafé Berte Kanuttevegen 4
95749992