Barn som pårørandeBarn blir påverka når nokon i familien har helseutfordringar. Det blir lettare for barn og unge å meistre det som skjer, når familien snakkar om sjukdommen, skaden eller avhengigheita.Sjukdom, skade eller dødsfall i familien påverkar heile familien, også barn og unge. Det er viktig å ta vare på barn som er pårørande. Dei har behov for informasjon og oppfølging for å skape tryggleik og ro.Når reknar vi barn som pårørande?Barn er pårørande når ein av foreldra eller ein annan omsorgsperson blir sjuk, skadd, har ei funksjonsnedsetting eller eit rusproblem. Barn er også pårørande når eit søsken er sjukt, eller når ein omsorgsperson døyr. Omgrepet føresette omfattar alle som har eit omsorgsansvar for barnet. Det kan vere biologiske foreldre, adoptivforeldre, steforeldre eller andre. Barn er også pårørande når ein nærståande sit i fengsel.Hjelp til barn som er pårørandeHar du barn som pårørande, eller jobbar du med barn som er pårørande? Treng du informasjon, rettleiing eller nokon å snakke med?HelsestasjonenKreftkoordinator kan rettleie familiar der foreldre eller søsken har ein kreftsjukdomAktuelle gruppetilbod til barn og unge pårørande:Møtestad for barn og unge mellom 6-16 år som opplevar alvorleg sjukdom i familien, eller som har mista ein nærståande. For meir informasjon kontakt kreftkoordinator eller sjå nettsida til Treffpunkt Ålesund som er arrangert av Kreftforeningen. Inviterer til sorggruppe for barnHar du eit barn som har mista ein forelder eller søsken? I vår kan barn i 5.–7. trinn frå dei sju kommunane på søre vere med på sorggruppe på Ulstein helsestasjon. Meir informasjon Nyttige lenkjerTreffpunkt – møteplass for barn og unge i Ålesund – KreftforeningenHelsedirektoratet - Pårørendeveileder