Ta kontakt med heimetenesta om du har spørsmål om medisindispensar.
Korleis virka det?
Medisindispensaren porsjonerar ut tablettane til rett tid med å gi ein ringelyd som påminning om at tida er komen for å ta medisinen. Dersom medisinen ikkje blir teken ut av medisindispenseren sender den melding til tenesta som reiser ut for å sjekke kva som er grunnen. Heimetenesta kjem heim til brukaren ein gong kvar veke, eller kvar 14. dag for å fylle på medisin i medisindispensaren.
Erfaring frå heimetenesta er at brukarane er positiv til ny teknologi og det å kunne lære seg noko nytt for å kunne klare seg sjølv lenger.
Velferdsteknologi
Er det trygt å nytte teknologi til å dele ut medisin? Vil det ikkje skape falsk tryggleik?
Ved bruk av medisindispenser har ein ikkje direkte kontroll på at personen faktisk tek medisinen frå medisindispensaren. Det har ein heller ikkje, i mange høve, der personen administrerar medisinane sine sjølve frå dosett eller multidoser.
Kartlegging
Alle som skal prøve ut medisindispensar må gjennom ei kartlegglegging der ein vurdere om det er forsvarleg å nytte teknologi. Det blir gitt opplæring og tett oppfølging første tida for å sjekke ut at det er forsvarleg. Det vil fortløpande bli vurdert om ein kan fortsette med medisindispenser eller om ein må få medisin direkte frå ein pleiar.
Ulike typar
I Ørsta nyttar vi medisindispensarane Karrie og Mobili.
Karrie er ein medisindispensar som blir fylt på med multidose, ferdig doserte posar med medisin programert etter når brukaren skal ta medisinen sin.
Mobili er ein elektronisk dosett som heimetenesta lagar til og leverer ut til brukaren som får varsel når medisinen skal takast. Begge dispensarane er små og enkle i bruk. Lett å ta med om ein skal ut og reise.