Innbyggardialog

Innbyggardialog

Digital innbyggardialog brukast i fyrste omgang til kommunikasjon med brukarar, eller pårørande, av kommunale helse- og omsorgstenester.

Innbyggar som vil ta i bruk løysinga må registrere seg i Helsenorge.no.

Hensikten med dette tilbudet er å sikre at du som mottar tenester frå kommunen eller er pårørende:

  • Enklere kan ha kontakt om det som er viktig for deg.
  • Sleppe telefonkø.
  • Kan skrive og lese meldingar når og kor det passar for deg.
  • Har oversikt over kva du mottar av hjelp og enklere kan planlegge kvardagen.
  • Kan gi beskjed når det er nødvendig å endre eller avbestille avtaler.
Kom i gang med digitale helsetenester

For å bruke det tilbodet må du motta heimetenester i Ørsta. 

  • Du loggar deg inn på helsenorge.no.
    Av hensyn til sikkerheit, må du bruke bankID eller tilsvarande når du loggar inn.
  • For å bruke tilbodet må du ved innlogging akseptere bruksvilkåra.
    Frå du aksepterer bruksvilkårene vil det ta èin dag før du kan bruke det nye tilbodet på helsenorge.no.
     

Fullmakter finn du under innstillinger ved namnet ditt i toppmenyen. Under “Kontaktinformasjon og varseloppsett” kan du bestemme om du vil ha varsling på tekstmelding eller e-post.

Kva skjer med meldingane?

Meldingane du sender på helsenorge.no kan erstatte beskjedar og spørsmål som du hittil berre har gjort per telefon, papir og andre måtar. 

  • Når du henvender deg til helse- og omsorgstenestene i Ørsta via helsenorge.no vil dei svare via helsenorge.no.
  • Du kan forvente å få svar første virkedag etter at du har sendt ei melding.
  • Meldingane fra deg blir bare lest av tilsette i helse- og omsorgstenesta som har lov til å sjå opplysningar om deg.
  • Du vil få varsel om nye meldingar til deg på tekstmelding eller post, avhengig av hva du føretrekk.

Sjå heile helsenorge.no si brosjyre her