Søknad og godkjenningspliktige verksemder
Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler mv 1.desember 1995.
Planar for nyetablering eller utviding skal godkjennast (endeleg godkjenning kan bli gitt etter oppstart).
Forskrifta skal sikre det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet til borna, og skal fungere som arbeidsmiljølova til borna. For å få status som godkjent, blir det stilt krav til ei rekke tilhøve som inneklima, psykososiale forhold, sikkerheit, reingjering og vedlikehald, smittevern og lyd- og lystilhøve.
Forskrifta er svært tydeleg når det gjeld ansvarsplassering. Leiar av verksemda (barnehage/skule) har ansvar for å sjå til at forskrifta blir overhalden, og at verksemda har eit dokumentasjonssystem (internkontrollsystem) som sikrar dette.
Forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie-, tatoverings- og hulltakingsvirksomhet
Lokale som skal brukast til tatovering eller holtaking/piercing skal godkjennast før dei blir tekne i bruk. Det må søkast om ny godkjenning ved eigarskifte, ombyggingar eller flytting til nytt lokale.