Foreldrerettleiing
Kommunen har eit lavterskeltilbod der foreldre kan motta generelle råd og rettleiing frå psykolog, i problemstillingar knytt til foreldrerolla, over ein telefonsamtale. Typer problemstillingar kan vere alt frå daglegdagse problemstillingar, bekymringar og til situasjonar ein opplever at ein står litt fast som forelder.
Foreldre kan vere anonyme om dei ynskjer det.
Ring telefonnummer: 95 71 21 13. Telefontida er tysdagar og torsdagar kl. 12.00–14.00.
Telefonen vil vere bemanna av familieterapeut eller kommunepsykolog.
Telefontenesta er ikkje eit tilbod om psykisk helsehjelp, då må du kontakte fastlege eller andre akutte tenester ved behov for dette.