Prøv kommunen sin trenings- og helseapp

Prøv kommunen sin trenings- og helseapp

Bilde av en dame som held to vekter. Ho trena heime i stova si. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. AdobeStock

No kan du få øvelsar, treningsprogram og nyttig helse- og kosthaldsinformasjon frå kommunen på din mobil eller nettbrett, via treningsappen "ExorLive Go".

På appen finn du gode treningsøvelsar og -program, i tillegg til helse og kosthaldsråd kvalitetsikra av ergoterapi- og fysioterapitenesta i Ørsta. Går du til fysioterapeut eller ergoterapeut i kommunen kan du få treningsprogram tilpassa akkurat deg og dine behov.

"Med vår nye trenings- og helseapp gjer vi det enklare for innbyggjarane å ta vare på eiga helse – når det passar dei. Her får du tilgang til kvalitetssikra øvingar og råd, og ikkje minst eit treningsprogram tilpassa akkurat deg." – Ragnhild Svensli, avdelingsleiar ergo, fysio og friskliv.

Appen er gratis og alle som vil kan bruke den.

  • Korleis kome i gang

    Sjå etter denne logoen der du finn appar.
    1. Du må fyrst lage deg ein brukar på: exorlive.com 
    2. Bruk nettside-versjonen eller appen “ExorLive Go” (som du kan laste ned via  App Store eller Google Play).
    3. Opne App/nettside og logg deg inn.

    I appen finn du mellom anna:

    • Forslag til treningsprogram
    • Trening for vaksne
    • Trening for seniorar
    • Informasjon om helse og livsstil
    • Turar og aktivitetar i Ørsta