Målgruppa er menneske i alle aldrar og livsfasar. Tiltak vert iverksett og utført på den arena som er naturleg og til det beste for den enkelte. (Skular, barnehagar, heimen, institusjonar eller i våre fysioterapilokalar).
Pasientar som treng fysioterapi, kan ta direkte kontakt med fysioterapitenesta. I tillegg får tenesta henvisning frå ulike instansar som til dømes lege, sjukehus, helsestasjon eller institusjon. Dersom ein uteblir eller avbestiller seinare enn 24 timar før avtalt tid, må ein betale eigenandel uavhengig av frikort eller ikkje.
I Ørsta har vi kommunale fysioterapeutar og fysioterapeutar med og utan driftsavtale.
Kommunale fysioterapeutar er tilsett av kommunen og tilbyr fysioterapi for alle aldrar og ofte i samarbeid med andre tenester. Eigenandel inngår i frikortordninga.
Fysioterapeutar med driftsavtale har en avtale med kommunen som gjer at eigenandel inngår i frikortordninga.
Fysioterapeutar utan driftsavtale jobbar privat og har eigenbetaling som ikkje inngår frikortordninga.
Nyttige lenkjer