Sterk og stødig

Sterk og stødig

Bildet viser ei gruppe med personar som står i ring, trener og strekker hendene i været. - Klikk for stort bilete Stina Jakobsen

Sterk og stødig er styrke og balansetrening for seniorar. Dette førebyggande treningstilbodet er forankra som eit frisklivstilbod der fleire frå eininga ergo, fysio og friskliv bidreg med tanke på organisering og fagleg ansvar. 

Vi har grupper som trenar på Sæbø, Vartdal og i sentrum. Instruktørane er seniorar som har gått kurs for å kunne instruere øvingane og gi eit trygt og kjekt tilbod. Etter treningane er det sosial samling. 

Treningstilbodet er gratis, men ein kan gjerne bidra med nokre kronar for å dekke utgifter til innkjøp til det sosiale tilbodet.

Er Sterk og stødig for deg?

Målgruppa for denne treninga er heimebuande eldre som klarar seg godt i eigen heim utan særleg bistand frå kommunen.

Sterk og stødig er for deg som:

  • Føler deg ustø i enkelte situasjonar
  • Kjenner at gangfunksjonen ikkje er som før
  • Kan gå innandørs utan rullator eller krykker (ikkje eit kriterium i sentrum)

Sentrum

TID: tysdagar kl. 11.00, kosekroken er ope frå kl. 11.00–13.00.
STAD: ved Røde kors, Strandgata 21

Det er også ei treningsgruppe for dei som nyttar rullator/stav samtidig. Gruppene går parallelt med «Kosekroken» som Røde Kors omsorg har ansvar for. 

Sæbø

TID: måndagar kl. 10.30
STAD: i gymsalen ved Sæbø skule.

Vartdal

TID: tysdagar kl 11.00
STAD: i styrkerommet ved Vartdal skule

Praktisk informasjon

Det er ikkje naudsynt med påmelding, men du må kunne gå utan ganghjelpemiddel innandørs om du skal vere med på Sterk og stødig. 
Ta med stødige innesko og ei flaske vatn.
Tilboda følgjer vanlegvis skuleruta, men kan starte sesongen litt seinare/avsluttast litt før.

Friskliv Ørsta Følg med på facebook-sida til Friskliv for oppdateringar ved endringar: 

Skyss

Vi oppfordrar til at dei som køyrer bil tar med seg dei som ikkje kjem seg av garde sjølv. Den som sit på vert oppmoda om å dekke noko av køyrekostnaden, det må dei det gjeld avtale seg i mellom.

For dei som ikkje kjenner nokon dei kan spørje om skyss, meld i frå til oss om behovet om du tilhøyrer Sæbø eller Vartdal (sjå under kontaktinformasjon), så ser vi om vi finn nokon som køyrer same veg. For sentrum, ta kontakt med Røde Kors omsorg på 47 60 06 67. 

Vil du bli instruktør?

Då vil vi gjerne høyre frå deg! Send ein e-post til sterkogstodig@orsta.kommune.no eller ta kontakt med fysioterapeut Stina Jakobsen på 46 82 07 53 eller frisklivsrettleiar Karen Øie på 90 11 87 60.

Ønskjer du å trene Sterk og stødig heime? 

Sjå denne videoen for heimetrening

Nasjonal informasjonsside for Sterk og stødig finner du her.

Kontakt

Stina Jakobsen spesialfysioterapeut
46820753
@ Stina Jakobsen