
Friskliv har fokus på:
- Individuell oppfølging knytt til endring av vanar, fysisk aktivitet og/eller kosthald
- Førebyggande tiltak til barn og unge frå skule og barnehagar på førspurnad
- Mestring av livsutfordringar
- Sterk og stødig: Lavterskeltilbod for eldre
Frisklivsrettleiaren er Karen Øie og nyhende finn du på facebook-sida til Friskliv Ørsta.
Korleis få tenesta?
Du kan ta direkte kontakt med Friskliv Ørsta, eller bli henvist frå helsestasjon eller lege. Tenesta er gratis.
Tenesta er drive i nært samarbeid med både helsestasjonen, fysioterapi- og ergoterapitenesta i Ørsta, i tillegg til folkehelsekoordinator. Frisklivssentralen er organisert på avdelinga Ergo, fysio og friskliv med lokale på Velferdshuset i Dalevegen 24.