Hagestova

Hagestova

Hagestova er eit dagtilbod på Ørstaheimen som er særskilt tilrettelagt for personar med demenssjukdom.

Målsetjinga med tilbodet er å førebygge funksjonssvikt og bidra til at brukaren kan halde fram med å bu i eigen heim.

Det er utarbeidd tildelingskriterium for tenesta og tildeling skjer etter ei individuell og fagleg vurdering av helse- og livssituasjon. Omfanget av tenesta vert fortløpande vurdert.

Ved dagtilbodet vert det servert frukost og middag. Her er ulike aktivitetar som baking, handarbeid, songstunder, turar, samt enkel trening. Det er tilbod om transport til og frå dagavdelinga dersom du har behov for det.

Tilbodet er ei betalingsteneste. 

Telefonnummer til avdelingsleiar er 48 12 38 01.

Opningstider

Måndag–fredag kl. 08.30–14.30

Stengt i helgene og høgtidsdagar.
Tilbodet kan også vere feriestengt i løpet av sommaren.

Kontakt

Arja Helena Hietanen avdelingsleiar
@ Arja Helena Hietanen