Eit enkeltståande byggverk er eit blikkfang og påverkar heile landskapsrommet det står i. Kommunen har gjennom byggjeskikksprisen lagt føringar på korleis ein bør arbeide med arkitekturen for å vise større omtanke for nærmiljøet.
Gatemøblering, parkbelysning, rekkverk etc. er viktige element i sentrumsområda og bør ha ein heilskapleg profil.
Ikkje alle desse elementa er omtala spesielt her, men i dette framlegget er det lagt ein del premissar med omsyn til t.d. fargeval osb.
Signalbygg som kontrast til landskapet: Starthus, Kvitfjell alpinanlegg. Lund og Hagem arkitekter AS. (Ill. frå_"Veileder, Estetikk i plan- og byggesaker", Miljødepartementet).Landskapet i Noreg er dominerande, og det utgjer mange stader det viktigaste elementet i by- og tettstadsbiletet. Nye byggverk bør utformast med vår tid sitt stiluttrykk, og med gjennomtenkt samspel med omgjevnadane. Arkitekthistoria viser at endring er eit varig fellesteikn gjennom historia.
For å kunne vurdere eksisterande estetiske kvalitetar på ein stad, bør ein ha oversikt over den historiske utviklinga på staden. Dette gir mellom anna naturgrunnlaget, fornminne og kulturminne eit bilete av. Ein tettstadsanalyse vil peike på moment som ein må vere merksam på ved utvikling og "forvaltning" av staden.
Byggverk bør utformast med ein bevisst overgang til tilgrensande bygningar og landskap, og må ta omsyn til både signalbygget og naboområdet sine behov. Vidare er det viktig at det er samspel mellom form og funksjon på eit bygg, slik at det er enkelt å "lese"/forstå ein bygning.
Skårsetlia, Lillehammer: nytolkar gardstun i Gudbrandsdalen. Lund og Hagem arkitekter AS og Div.A arkitekter AS. (Ill. frå "Veileder, Estetikk i plan- og byggesaker", Miljødepartementet).Det kan vere like viktig å stille formingskrav til ubygde areal og utstyr som til bygningar.
Naust, trafokioskar og leskur er døme på bygningskonstuksjonar som ofte står eksponert i landskapet. Plassering og utforming av slike bygg vert spesielt viktig fordi det er så mange av dei.
"Ditt hus er min utsikt".
I Noreg set vi stor pris på å ha flott natur, og vi brukar mykje tid og krefter (ressursar) i utforminga av vår eiga stove. Men på vegen mellom fjell og skog og vår eiga stove finn vi gjerne element som ikkje alltid er like gjennomtenkt og bevisst utforma. Vi må bry oss om utforminga av hus og gater, om god byggjeskikk, av same grunn som vi bryr oss om utforminga av vår eiga stove. Det skaper trivsel og ei kjensle av å høyre til, og signaliserer at vi satsar på kvalitet.
Ved utforming av uteareala bør det vurderast å leggje til rette for "heilårsbruk". Uteområda bør ha kvalitetar som gjer det mogeleg å opphalde seg og trivast ute store delar av året. Lyssetjing er eit viktig moment med omsyn til heilårsbruk og trivsel.
Det er viktig at uterom, gater osb. har visuelle og funksjonelle avgrensa rom. Offentlege bygningar kan brukast som samlingspunkt.
Varige material er nødvendig, Hokksund. (Ill. frå "Veileder, Estetikk i plan- og byggesaker", Miljødepartementet).LYSMASTER
Sentrumskvartala: For park/parkering vert det å nytte den type lysmast og armatur som ein har på haldeplassen idag, "Sidekai" e.l. For vegar/gater vert å nytte armatur "Victor"/"København". e. l .
Bustadfelt og elles: Her vert å nytte armatur "Victor"/"København" e. l.
(I vedtekt til § 69.3-4 i plan- og bygningslova for Ørsta kommune er sentrum definert til å vere "mellom dei 3 store bruene og mot nord til og med i høgde med bedehuset".)
Juridisk bindande retningsliner til§ 74 nr. 2 i plan- og bygningslova:
"Anlegg og bygg skal utformast bevisst i høve til arealdelen sin viste grønstruktur og eksisterande terreng og vegetasjon i denne".
"Nye byggverk skal lokaliserast slik at dei bevisst vert kopla til eksisterande strukturerande element som elvar, strandlinjer og terrengformasjonar. Tiltak som ved sin storleik eller karakter bryt noverande mønster for samspel med desse elementa, skal ved plassering og utforming binde saman mønstra og skal i seg sjølv ha ei god estetisk utforming."
Uteareal bør ligge sentralt og gje rom for både opphald og ferdsel. (Ill. frå "Veileder, Estetikk i plan- og byggesaker", Miljødepartementet)."Mindre byggverk skal plasserast slik at dei vidarefører eksisterande tomtestruktur i området. Med tomtestruktur meiner ein storleik og arrondering av tomter i høve til strukturerande element som t.d. terreng og vegar. Større tiltak og særlege referansebygg kan bryte med eksisterande tomtestruktur, men skal då binde saman eksisterande strukturar."