Korleis blir behandlingstida rekna?
Behandlingstida blir rekna frå vi mottar søknaden, dersom den er komplett. Ved mindre manglar blir ikkje tida du brukar på å komplettere søknaden rekna med i behandlingstida. Dersom manglane er avgjerande for vår vurdering av søknaden, blir behandlingstida rekna frå den datoen vi mottar denne dokumentasjonen.
2 veker
Forhandskonferansar har i utgangspunktet to vekers behandlingstid, men i periodar med mange saker kan behandlingstida vere lengre.
3 veker
- igangsettingsløyve
- midlertidig brukstillatelse
- ferdigattest byggesøknader der alle vilkåra i plan- og bygningslova § 21-7 andre og tredje ledd er oppfylte
- endringssøknadar der alle vilkåra i plan- og bygningslova § 21-7 andre og tredje ledd er oppfylte
Vilkåra i plan- og bygningslova § 21-7 andre og tredje ledd:
- Søknad med ansvarsrett (med hjelp frå fagfolk) der tiltaket er i samsvar med føresegner gitt i eller i medhald av denne lova, der det ikkje ligg føre merknader frå naboar eller gjenbuarar, og ytterlegare løyve, samtykke eller uttale frå annan myndigheit ikkje er nødvendig.
- Søknad utan ansvarsrett (på eigahand) der tiltaket er i samsvar med føresegner gitt i eller i medhald av denne lova, og ytterlegare løyve, samtykke eller uttale frå annan myndigheit ikkje er nødvendig.
12 veker
- rammetillatelse
- byggesøknader der alle vilkåra i plan- og bygningslova § 21-7 andre og tredje ledd ikkje er oppfylte
- endringssøknader der alle vilkåra i plan- og bygningslova § 21-7 andre og tredje ledd ikkje er oppfylte
- dispensasjon utanom byggesøknad, som felling av tre med dispensasjon frå reguleringsplan
Ingen lovpålagt frist
- søknader på eigedomar som er omfatta av midlertidig forbod mot tiltak (MFT)
- søknader etter markalova
- ferdigattest på henlagt sak. Med henlagt sak meiner vi at saka er avslutta og arkivert utan ferdigattest.
Kva skjer viss kommunen ikkje overheld behandlingstida?
Byggesøknader med 3-vekers frist: blir løyvet rekna som gitt og tiltaket kan igangsetjast, viss vi ikkje har behandla ein komplett søknad innan fristen. Vi gjer merksam på at dette er på eiga risiko. Du kan framleis få mangelbrev, avslag eller anmodning om omprosjektering.
Byggesøknader med 12-vekers frist: blir gebyret redusert, om vi ikkje har behandla ein komplett søknad innan fristen. Gebyret blir redusert med 25 prosent av det totale gebyret per påbegynte veke over fristen.
Dersom ferdigattest ikkje er gitt innan tre veker, kan bygningen takast i bruk.
Film som går gjennom søknadsprosessen
Kontakt
For å få til meir effektiv sakshandsaming på byggesak, er det innført telefon- og besøkstid:
Du kan kontakte byggesakshandsamarane kvardagar mellom kl. 12.00–15.00, ring sentralbordet.
Tidlegare på dag er byggesaksavdelinga skjerma for førespurnadar frå publikum.
-
NB! I møte med byggesakshandsamarane vurderer vi ikkje den konkrete byggesaka eller konkrete løysingar, men gir rettleiing om korleis du skal gå fram for å søke, kva for nokre krav det er til dokumentasjon og korleis du kan få tak i naudsynt informasjon.