1. Generelt
LOVHEIMEL Plan- og bygningslova §33-1
Ørsta kommunestyre innførte dette betalingsregulativet i møte 14.04.97, sak 040/97. Regulativet vart sist endra i kommunestyre den 14.12.23 sak 114/23.
1. Generelt:
For at eit planframlegg eller søknad om dispensasjon skal verte teke opp til handsaming,
skal det betalast gebyr. Betaling av gebyr påverkar ikkje utfallet av saka, og kan ikkje
krevjast tilbake om det vert gjeve avslag på søknaden. Alle typar planar og planendringar
skal leverast i digital form i samsvar med dei krav til format som til ei kvar tid er gjort
gjeldande.
1.1 Regulativet omfattar slike saker:
a. Private framlegg til reguleringsplanar - detaljplanar (jf. pbl §12-3)
b. Søknad om endring av gjeldande reguleringsplan (jf. pbl. §12-14)
c. Søknad om «mindre endringar» og «små endringar» av reguleringsplan (jf. pbl §12-14)
d. Søknad om dispensasjonar frå arealplanar og/eller lov eller føresegner (jf. pbl. kapittel 19)
1.2 Regulativet omfattar likevel ikkje:
Søknader om dispensasjon som ikkje verkar inn på andre fagmynde sine interesser og som
ikkje treng sendast på ekstern høyringsrunde, herunder mindre tomtetillegg og frådeling av
areal rundt eksisterande bygning som ikkje medfører endra arealbruk og ”frådeling til uendra
bruk”. Desse sakene følgjer gebyrregulativ fastsett for eining byggesak og oppmåling.
1.3 Fritak frå gebyr:Det kan gjevast heilt eller delvis fritak frå handsamingsgebyr dersom alle dei følgjande
vilkåra er oppfylt:
1. Tiltaket må heilt og fullt ha ideelle føremål og/eller tene allmenne interesser. Tiltaket
skal ikkje tene berre ei mindre gruppe personar eller særinteresser
2. Søkjaren må vere lokal foreining eller lag med ideelt føremål, unntaksvis kan også
enkeltperson(ar) vere søkjar
3. Tiltaket skal ikkje tene næringsføremål eller gje inntekter til søkjar
4. Tiltaket må vere av mindre omfang
Dersom det er tvil om eit tiltak eller ein søkjar fell inn under kriteria, kan spørsmålet om fritak
leggast fram for politisk organ samstundes med handsaming av søknaden.
Storleiken på gebyret kan reduserast dersom det openbert må vurderast som urimeleg og i
strid med prinsippet om sjølvkost.