Tomter i Mosbakkane

Tomter i Mosbakkane

Mosbakkane våren 2022: Nokre hus har kome opp. Thomas Winther Leira / Ørsta kommune

Mosbakkane ligg på Øvre Mo, like i nærleiken av Ørsta sentrum. Tomtefeltet har svært gode soltilhøve og flott utsikt mot sentrum, fjorden og fjella ikring. Tomtene har sentral plassering, med kort veg til skular, barnehagar og daglegvarehandel. Området har også fine turmoglegheiter og leikeplassar.

Ledige tomter

Tomtene er byggjeklare. 

L=Ledig, R=Reservert

Opne kart i nytt vindu

Reguleringsplan

Pris

Prisane gjeld frå 01.01.2025. Prisane vert å regulere kvart år med auke i konsumprisindeksen.

Tomter Mosbakkane pris
Tomt Areal (m2) Tomtepris (NOK)
T8 876,4 1 269 232
T12 666,9 1 265 430
T15 766,8 1 417 370
T16 658,4 1 252 503

I tillegg til tomteprisen kjem kostnader med matrikkelbrev for tomt, tinglysingskostnader for skøyte, administrasjonsgebyr og tilknytingsgebyr for vatn og avlaup.

Søk om bustadtomt

Her finn du informasjon om alt i frå tomteprisar, reguleringsplanar, vilkår for kjøp, osv som vart publisert ved opparbeiding av feltet i 2018.  «Fyrste mann til mølla»-prinsippet gjeld i fordelinga av tomter.
Reglement for kjøp, sal og feste av tomter og grunn i Ørsta kommune

Søk om bustadtomt

Kontakt

Arnstein Nupen jurist
48074265
@ Arnstein Nupen