Tomtene i Barstadvika med flott utsikt.
Thomas Winther Leira / Ørsta kommune
Barstadvik ligg på Vartdalsstranda langs E39 i pendlaravstand til mellom anna Ørsta, Ulsteinvik og Ålesund. Langs heile stranda finst det vakre fjell- og turdestinasjonar i tillegg til ei rekkje kultur-, idrett- og fritidstilbod for innbyggjarane.
Ledige tomter
Dei ledige tomtene i Barstadvik ligg øvst i Bergane med fjordutsikt og gangavstand til nærbutikk. Næraste barnehage og skule er på Vartdal, som er ca 10-minutters kjøretur unna.
Tomtene er byggjeklare.
L=Ledig, R=Reservert
Pris
Tomtene har ein redusert pris på kr 41.440,- + gebyr.
Søk om bustadtomt
«Fyrste mann til mølla»-prinsippet gjeld i fordelinga av tomter.
Reglement for kjøp, sal og feste av tomter og grunn i Ørsta kommune
Søk om bustadtomt