Skjema
Det enklaste er at du leverer inn klagen elektronisk, ved å fylle ut:
Skjema – klage på vedtak
Brev
Dersom du heller vil levere klagen som eit vanleg brev eller e-post må du gjere følgjande:
- Det må kome fram i tittelen at det er klage på vedtak
- Det må kome fram kva vedtak du klagar på, for eksempel saksnummer eller namnet på saka det gjeld
- Det må kome fram kva forhold du har til saka, for eksempel at du er søkjar, pårørande, nabo eller næringsdrivande i området
- Grunngje kvifor du klagar, og skriv tydeleg korleis du ønsker vedtaket endra
- Dersom du har ny informasjon som ikkje er omtala i saka, er det viktig at det kjem fram i klagen
- Klagen må vere underskrive av deg eller din fullmektig, til dømes advokat
Dersom du ber om at gjennomføringa av tiltaket skal stoppast til klagen er avgjort, må du legge ved ein eigen forklaring for dette (utsatt iverksetting av vedtak).
Om du ikkje nytter deg av skjema kan klagen sendast på e-post til:
E-post: postmottak@orsta.kommune.no
Eller som brev i posten til:
Ørsta kommune
E-post: postmottak@orsta.kommune.no
Adresse: Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta
NB! Klage på vedtak knytt til personar (som inneheld personsensitiv informasjon) skal ikkje sendast på e-post. Her kan de nytte eDialog - sikker sending av post, innlevering av papir eller i digitalt skjema.