Deling av eigedom

Deling av eigedom

Frådeling av eigedom (oppretting av ny matrikkeleining/grunneigedom) er eit søknadspliktig tiltak etter plan- og bygningslova (pbl). Når du ønskjer å skilje ut ei tomt, må du sende søknad om frådeling.

Ved godkjenning etter pbl må oppmålingssaka etter matrikkellova gjennomførast før ny sjølvstendig eigedom kan opprettast med eige gards- og bruksnummer. 

Dersom du ønskjer oppmålingsforretning i samband med vedtaket, må du og sende inn skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning.

Slik søkjer du

Prosessen består av to steg:

1. Send inn søknad med vedlegg

 Søknadsskjema om løyve til tiltak utan ansvarsrett

Følgjande dokument skal leggjast ved:

  • Nabovarsling – rettleiing i følgande lenke https://www.dibk.no/nabovarsel/send-nabovarsel - Eit tips kan vere å nytte eNabovarsel som i dei fleste tilfelle vil forenkle og dokumentere varslinga, jf. lenke: e-Torg 
  • Situasjonskart frå Sunnmorskart eller du også kan bestille dette frå e-Torg 
  • Eventuelle andre vedlegg som er nødvendig for behandling av søknaden for eksempel rekvisisjon av oppmåling.
     

På situasjonskartet skal du teikne inn den nye tomta i målestokk 1:500 eller 1:1000. Dersom du søkjer om fleire parsellar samstundes, må desse merkjast tydeleg som parsell 1, parsell 2 osv.

Før du sender søknaden, bør du kontrollere at tomta er i samsvar med gjeldande kommuneplan eller reguleringsplan.

Dersom søknaden om frådeling ikkje er i samsvar med planen, må du søke om dispensasjon.

2. Oppmålingsforretning

Når frådelinga er godkjend etter plan og bygningslova, kan kommunen gjennomføre oppmålingssaka med oppmålingsforretning. Då vert grensepunkta merkte, nye grenser registrerte i matrikkelen, og nytt bruksnummer vert tinglyst.

Grunneigar, eller person med fullmakt, er ansvarleg for å sende inn Rekvisisjon for søknadspliktige tiltak etter plan- og bygningslova (PDF) . Skjema for oppmålingsforretning kan du sende inn saman med søknaden om frådeling dersom du ikkje ønsker å utsette frist for oppmåling av tomt. Hugs at du har ein frist på tre år for å levere rekvisisjon om oppmåling. Fristen går frå vedtak om frådeling er gjort. 


Kven kan søkje om frådeling og matrikulering?

  • Heimelshavar 
  • Andre med fullmakt


Dette kan du lese meir detaljert i plan- og bygningslova (pbl) og matrikkellova (ML), jf. pbl § 21-2 sjette ledd og ML § 9. Dersom tiltakshavar er eit føretak, kan personar med signaturrett i samsvar med firmaattest rekvirere søknad om deling og oppmålingsforretning.

Vilkår

Både ny og eksisterande eigedom må ha lovleg tilgang til veg, vatn og avlaup, jf. pbl §§ 27-1, 27-2 og 27-4. Skjema som kan nyttast for å dokumentere rettar ligg i følgande lenke: Fråsegn om rettar

Saksgang

Før søknaden vert sendt til kommunen, skal naboar og andre partar varslast.

Eventuelle merknader må vere mottekne innan to veker etter utsending av nabovarselet. Søknaden skal innehalde innkomne merknader og tiltakshavar si vurdering av desse.

Sjå også informasjon hos Direktoratet for byggkvalitet (DiBK).

Dersom du nyttar manuelle skjema kan du sende dei til kommune.

Når kommunen har motteke søknaden med vedlegg, vert søknaden kontrollert. Dersom det manglar opplysningar, får du beskjed om dette. Kommunen innhentar nødvendige uttalar frå andre styresmakter ved behov.

Vedtak etter plan- og bygningslova

Vedtak vert gjort etter plan- og bygningslova.

Dersom frådelinga gjeld ein landbrukseigedom, skal saka også handsamast etter jordlova.

Sakshandsamingstid

  • Frådeling: 3 eller 12 veker frå søknaden er komplett.
  • Tillegg i saksbehandlingstid må kunne påreknast og kjem i tillegg dersom søknaden krev behandling etter jordlova. 
  • Oppmålingsforretning: inntil 16 veker frå frådelingsvedtaket. 

 

Kva kostar det?

Sjå Prisar for delings- og oppmåling