Kommunale eigedomsgebyr

Kommunale eigedomsgebyr

Kommunale eigedomsgebyr kan vere mellom anna vatn- og avløpsgebyr, eiendomsskatt og feiegebyr.

Renovasjonsgebyr er det VØR som har ansvar for – og dei som må kontaktast ved spørsmål rundt dette.

Kommunestyret vedtok 11. desember 2025 at faktura for kommunale eigedomsgebyr; vatn og avløp, feiing og tilsyn og eigedomsskatt, skal bli fakturert kvar månad - i staden for kvartalsvis som har vore standard.

Korleis påverkar dette meg?

  • Dersom årsbeløpet ditt er under 4 000 kr, får du ein faktura i året. 
  • Om du allereie mottek årleg faktura vil det bli vidareført. Ta kontakt med kommunen om du ønsker å gå over til månadleg fakturering.  
  • Dersom du får faktura kvart halvår og årsbeløpet er over 4 000 kr, vil du no få faktura kvar månad, med du kan ta kontakt med kommunen om du ønsker å gå over til årleg fakturering. 

Oversikt:

Endring av årsgebyr kommunale avgifter
Årsbeløp Frå før Ny fakturering frå januar 2026Alternativ (Ta kontakt)
Under 4000,-Halvårleg Årleg 
Under 4000,-Årleg Årleg 
Over 4000,-Månadleg Månadleg 
Over 4000,-Kvartalsvis Månadleg 
Over 4000,-Halvårleg Månadleg Årleg 
Over 4000,-Årleg Årleg Månadleg 

Kontakt

Ingeborg Myklebust Bjørneset konsulent
90857242
@ Ingeborg Myklebust Bjørneset