TorgplassarKommunen har eigne torgplassar i Webjørn Svendsen-gate ned mot sjøen; Ørsta Torg og Havtor Hovden-plass.Skal du leige ein torgplass må du tinge plass, det gjere du med å melder i frå på e-post til Sigrun Heltne Vartdal på sigrun.vartdal@orsta-nk.no på førehand.Det kan vere fleire som ynskjer plass same dag, då er det fyrste mann til mølla-prinsippet som gjeld. Lån av plass er gratis, Ørsta kommune føreset at dei som driv verksemder som treng offentleg løyve har dette i orden. Det er også muleg å få tildelt enkeltplassar i gågata etter avtale. Vi gjer merksam på at Ørsta Torg er mest nytta til parkering. Leigetakar bør difor møte opp tidleg den dagen han skal nytte plassen. Kommunen tek ikkje ansvar for å fjerne bilar som er parkerte på å torgplassen.Har du spørsmål ang. torgplassar kontakt Ørsta næringskontor.StraumtilkoblingDersom straumtilkobling skal nyttast må dette vere avtalt. Straumuttak for Havtor Hovden-plass er på kunsthuset. Straumuttak for Ørsta torg er på pumpehuset.Det er muleg å få tildelt enkeltplassar i gågata etter avtale. Ingvild Marie Taraldset