Tilrettelegging for rednings- og slokkemannskap

Tilrettelegging for rednings- og slokkemannskap

Om rettleiar

Prosjekterande for prosjektet må sjå til at løysinga som vert velt vert den beste for det konkrete anlegget. Punkta under er meint som betraktningar frå brannvesenet si side som brukar av desse funksjonskrava og gir konkrete kriterie basert på Ørsta brann og redning sitt faktiske utstyr. Sjå teknisk forskirft § 11-17 Tilrettelegging for rednings- og slokkemannskap.

Tilkomst

Bildet viser ein brannbil som har vanskar med å kome seg fram i eit trangt størk med feilparkerte bilar. - Klikk for stort bileteFeilparkerte bilar, bommar og andre hindringar er ofte eit problem når utrykkingskøyretøy skal fram på akutte hendingar. Ørsta brann og redning

Feilparkerte bilar, bommar og andre hindringar er ofte eit hinder når utrykkingskøyretøy skal fram på akutte hendingar. Dårleg framkommelegheit kan i verste fall koste liv.

Følgjande skal leggast til grunn ved prosjektering i Ørsta kommune.

  • Parkering på/framfor tilkomstvegar/innsatsvegar er ikkje tillat. Dette skal merkast tydeleg.   
  • Tersklar som fortauskantar skal ikkje overstige 15 cm.   
  • Oppstillingsplass må tole belastning av køyretøya og punktlaster frå stigebilen
  • Oppstillingsplassar og innsatsvegar for brannvesenet skal merkast tydeleg.
Brannbilar
KriteriaMannskapsbilTankbilStigebil
Aksellast boggi
Aksellast drivaksel8 tonn***11,5 tonn**11,5 tonn*
Aksellast foraksel
Fri Køyrehøgde4 meter*4 meter*4,5 meter*
Køyrebredde3 meter3 meter3 meter
Maks punktlast støttebein
Maks stigning tilkomstveg1:8 (12,5% - 7 gradar)1:8 (12,5% - 7 gradar)1:8 (12,5% - 7 gradar)
Maks stigning/helling på oppstillingsplass1:20 (5%)1:20 (5%)1:20 (5%)
Oppstillingsplass5 x 10 meter5 x 10 meter6 x 12 meter
Svingradius innerkant veg************
Svingradius ytterkant veg************
Tillatt totalvekt16 tonn27 tonn19 tonn

*Av hensyn til eventuell snøv bør større høgde vurderast.
**Innanfor vanleg vegtype Bk10.
***Innanfor vanleg vegtype Bk8.
****Køyreveg skal utformast og dokumenterast med sporingskurve for lastebil (L) iht. Statens vegvesens handbok N100, sjå vedlegg: Sporingskurver.

Høgdemateriellet sitt handlingsrom

Tilkomst for stigebil, det vil sei kor nær bygget og til kvar den når, vil avhengige av det konkrete bygget og tilkomsten rundt. Plasseringa skal utansett ikkje vere nærmare enn minst 3 meter frå fasaden eller utstikkande element. Dette for å unngå samanstøt med bygget ved manuvering av stigen. Oppstillingsplassar for stigebilen må prosjekterast ut frå den faktiske bygningsmassa. Tilkomst bør derfor avklarast med brannvesenet tidlegast mogleg i prosjekteringsfasen. 

Høgdereiskap - Klikk for stort bileteFor stor bilde: Høgreklikk på bildet og opne bilde i ny fane.

 

Nøkkelsafe
Orienteringsplanar
Bomveg
Vassforsyning utandørs
Sløkkevassuttak på private vassleidningar
Sløkkevassuttak med avgrense vassmengd
Solcelle anlegg

Kontakt

Thomas Winther Leira brannsjef
90749112
@ Thomas Winther Leira