Krav til røykvarslarar og brannsløkkeutstyr i bustadar

Krav til røykvarslarar og brannsløkkeutstyr i bustadar

Det er ei krav i Forskrift om brannforebygging at alle bustadar og fritidsbustadar skal ha brannalarmanlegg/røykvarslarar og søkkjeutstyr. 

Røykvarslarar

Krav i Forskrift om brannforebygging: 

Eigar av bustadar og fritidsbustadar skal syte for at byggverka har brannalarmanlegg eller eit tilstrekkeleg tal med røykvarslarar. Det skal vere minst ein detektor eller røykvarslar i kvar etasje, som skal dekke kjøkken, stove, sone utanfor soverom og sone utanfor teknisk rom. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom når dørene mellom romma er lukka. 

Røykvarslarar som omsetjast i Noreg, skal vere av godkjent i samsvar med offentlege krav.

  • Det skal vere minst ein detektor eller røykvarslar i kvar etasje. 
  • Det vert tilråda at røykvarslarane vert kopla saman slik at dei varslar samtidig.
  • Røykvarslarane må plasserast i samsvar med produsenten sine tilrådingar, og slik at dei sikrar tidleg varsling.

Kontroll av røykvarslarar:

  • Røykvarslarar bør testast minst ein gong pr. månad og kvar gong du har vore på reise.
  • Skift batteri ein gong pr. år om du ikkje har spesielle batteri som skal vare lenger.
  • Røykvarlarar som er 10 år eller eldre bør skiftast ut.

Sløkkeutstyr

Krav i Forskrift om brannforebygging: 

Eigar skal syte for at bustadar og fritidsbustadar er utstyrt med minst eitt av fylgjande sløkkeutstyr som kan brukast i alle rom: 

a. formfast brannslange med innvendig diameter på minst 10 mm fast tilkopla vassforsyningsnett
b. pulverapparat på minst 6 kg med ABC-pulver
c. skum- eller vassapparat på minst 9 liter
d. skum- eller vassapparat på minst 6 liter med effektivitetsklasse på minst 21A
e. anna manuelt sløkkeutstyr med tilsvarande sløkkekapasitet

Eigenkontroll av brannsløkkeapparat (bør gjerast 4 gongar i året)

  • Sjekk at plomberinga på sikringa er intakt.
  • Sjekk at pila på trykkmålaren peikar på det grøne feltet.
  • Sjekk at slangen og slangekoplinga ser ut til å vere i god stand.
  • Sjekk at behaldar ikkje er rusten eller har andre fysiske skade.
  • Dersom du har pulverapparat; hald øyret inn til apparatet og vend det sakte opp ned. Du skal då høyre at pulveret renn ned i behaldaren. Om du ikkje høyrer det kan pulveret ha forsteina seg og apparatet vil då vere ubrukeleg.
  • Sjekk at det er ryddig rundt apparatet slik at det er lett tilgjengelig

Eigenkontroll av brannslange (bør gjerast ein gong i året)

  • Sjekke at slangen tåler vasstrykket utan å leke og at tilkoplingskrana fungerer som den
    skal.

Brannsløkkeapparat skal kontrollerast av fagfolk kvart 5. år og service kvart 10. år (skumapparat
skal ha service kvart 5. år). Viss produsenten sine tilrådingar om vedlikehaldsintervall seier noko
anna skal dei fylgjast.

Eige eller leige

Å skaffe, plassere, kontrollere og vedlikehalde røykvarslar og sløkkeutstyret er eigar sitt ansvar.

Om du leiger har du ansvar for å sjekke at røykvarslarar og sløkkjeutstyr fungerar. Dette inkluderer og å halde dei reine, bytte batteri og teste dei regelmessig.