Før og under tilsyn

Før og under tilsyn

SMS-varsel

Varsel om tilsyn vert sendt per SMS. Om du ikkje kan varslast på denne måten vil feiar kontakt deg eller varsle deg med lapp på døra. Det er viktig å følgje instruksjonane som står i meldinga.

Telefonnummeret dette sendast frå er eit nummer på 14 siffer.
Det startar på 225801xxxxxxxx og nummeret kan til dømes sjå slik ut:

Og SMSen kan til dømes sjå slik ut: 

Dette må du gjere FØR tilsyn

  • finne fram monteringsrettleiing på eldstad(-ar) og skorstein, samt evt. annan dokumentasjon.
    Mange monteringsrettleiingar er å finne på internett.
  • Informer alle i bustaden om at det skal vere tilsynet. 
  • sjå til at heile fyringsanlegget er tilgjengeleg frå kjellar til loft. Det må vere tilgang til alle rom som skorsteinen er i/går igjennom. 

Dette må du gjere UNDER tilsyn

  • Huseigar eller representant for huseigar må vere til stades ved tilsynet og gi brannførebyggar tilgang til heile fyringsanlegget.
  • Fyringsanlegget vil bli inspisert frå kjellar til loft. I tillegg vil vi rettleie deg i spørsmål om fyring, fyringsøkonomi og branntryggleik i heimen. Det vil og bli sett på røykvarslarar, sløkkeutstyr og rømingsvegar.