Før og etter feiing

Før og etter feiing

Dette må du gjere:

FØR feiing

  • Alle omnsdører, luker og spjeld må vere lukka for å unngå sotskade 
  • Er du usikker på om overgang mellom eldstad og skorstein er tett bør du dekke til med laken eller liknande 
  • Sørg for at det er tilfredsstillande tilkomst for feiing av skorsteinen. Sjå tips og råd for å få godkjent feietilkomst.
  • Sørg for at feie-/sotluker er tilgjengelege 
  • Ved feiing frå tak: Legg stigen klar der feiar skal gå opp på taket. Om stigen er tung må du sjølv sørge for at den vert røyst og sikra så born ikkje kan klatre i den. Stigen skal plasserast slik at det er lett å gå direkte frå denne og over til takstigen. Den skal rage minst 1 meter over raft. På glatt underlag må lause stigar sikrast mot å gli.
  • Informer alle i bustaden om at det skal feiast 
  • Det må ikkje vere fyr i eldstad(-ane) under feiinga 

Hugs også å svare på SMS-meldinga.

Må eg vere tilstades/heime under feiinga?

Nei – det treng du ikkje, om du har utvendig tilkomst (utvendige stiger opp til pipa).
Ja – det må du (eller ein representant for deg) om du har innvendig tilkomst (t.d. feieluke på loft).

ETTER feiing

Fjerne sot

Har du ikkje avtalt med brannførebyggjaren at han skal ta ut sotet, må du sjølv sørge for å gjere dette etter feiinga. Hugs å oppbevare sotet i ein eldfast behaldar.

Kvifor er det viktig at sotet fjernast?

Byggjer det seg opp mykje sot i botnen av skorsteinen kan dette ta fyr.