Feietilkomst
Tilkomst på tak
- Der det er feiing frå tak med helling utover, skal det vere montert takstige – både for at feiaren skal kunne bevege seg trygt og for å unngå skade på taket.
- Takstigen må vere godkjent og montert i samsvar med monteringsrettleiing.
- Takstigen skal ligge inntil skorsteinen og gå opp til mønet, eventuelt i overkant av skorsteinen, slik at feiaren kan stå i takstigen (der det ikkje er feieplattform) under feiinga.
Plattform – Om avstand frå stige til der kosten skal ned er høgare enn 1,2 m må det vere plattform eller feieluke.
Gangbru – Mellom to skorsteinar skal tilkomst skje via takbru, eventuelt kan det monterast eigen takstige til kvar skorstein.
Eigar sitt ansvar – Det er eigar som etter brannvernlovgjevinga er ansvarleg for at det er tilfredsstillande tilkomst for feiing.