Bålbrenning

Bålbrenning

Generelle reglar for brenning i Ørsta

Det er forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og utmark i perioden 15. april–15. september utan løyve frå kommunen. 

Dette på grunn av faren for skog-, gras- og lyngbrannar. Uforsiktig omgong med bar eld som t.d. bålbrenning og grilling er den største grunnen til skogbrann. Det er likevel tillat å gjere opp eld der det openbart ikkje kan medføre brann.

I denne perioden er brenning i eller nærleiken av skog og utmark søknadspliktig. For å vere sikker på at ein får behandla søknaden i tide må søknaden sendast inn i god tid, minst 5 virkedagar, før brenninga. 

Formålet med bålbrenning skal ikkje vere å kvitte seg med avfall som skal leverast til godkjent avfallsmottak.

Når du skal brenne bål, bør du og vere klar over at:

  • All brenning skjer på eige ansvar
  • Røyken frå brenning kan føre til helse- og trivselsproblem, særleg for folk med luftvegssjukdommar.
  • Kommunelegen og/eller brannsjefen kan stoppe brenning dersom ein vurderer det som skadeleg eller risiko for naboeigedomane.
  • Ein oppfordrar innbyggarane i Ørsta til å kompostere kvistar og hageavfall eller levere det til miljøstasjonen hos VØR.
  • Ulovleg brenning kan meldast til politiet.
  • Dersom brenning fører til utrykking, kan det medføre krav om kostnadsdekning frå kommunen

Sjekk skogbrannfaren på skogbrannfare.met.no

For meir info sjå Sikkerhverdag.no

Melding/søknad om bålbrenning

Jonsokbål

I Ørsta kommune skal jonsokbål som ikkje er søknadspliktige også meldast inn til brannvesenet via dette skjemaet.

Meldinga er berre informasjon til brannvesenet og krev inga handsaming. Dersom vi har behov for ytterligare informasjon tek vi kontakt.

Meldefrist er innan 18. juni.