Kva kan du søke om?
Startlån til førstegangsetablerarar kan brukast til å
- Kjøpe ny eller brukt bustad
- Du kan ikkje få meir lån enn det du kan klare å betale i renter og avdrag.
Krav til søker
- Du må vere over 18 år
- Du må ha minst fem prosent eigenkapital
- Du har fått avslag på søknad om lån i ordinær bank
- Du er ikkje kvalifisert for ordinært startlån
- Du må kunne betene renter og avdrag på lånet
Løpetida på lånet er 10 år
Startlån for førstegangsetablerarar skal ikkje konkurrere med bustadlån hos private bankar. Difor får du berre ha lånet hos kommunen i 10 år.
Etter desse 10 åra må du refinansiere lånet i ein privat bank. Dersom du har blitt økonomisk vanskelegstilt etter 10 år, kan du søke om å refinansiere lånet som eit ordinært startlån.
Du kan velgje å behalde inntil 1xG (Folketrygda sitt grunnbeløp) av eigenkapitalen.
Søknadsfrist
Du kan søke heile året.
Slik søker du om startlån til førstegangsetablerarar
1. Du treng desse vedlegga
- Skattemelding for førre år
- Arbeidskontrakt og/eller vedtak om trygd
- Dokumentasjon på all inntekt dei siste tre månadane
- Driftsresultat for i fjor og hittil i år dersom du er sjølvstendig næringsdrivande
- Dokumentasjon som viser saldo og kva du betalar på all gjeld
- Utskrift frå gjeldsregisteret
- Dokumentasjon på eigenkapital
- Stadfesting på annan finansiering dersom du har det
- Lånetilbod eller avslag på lån hos ordinær bank
- Samværsavtale dersom du har omsorg aleine eller delt omsorg for born
- Bidragsavtale dersom du mottek eller betalar bidrag
Sakshandsamar kan be om annan eller meir dokumentasjon dersom det er nødvendig.
2. Send inn søknad
Kva skjer vidare?
Ørsta kommune handsamar saka så snart som mogleg. Handsamingstida kan variere.
Når du har motteke finansieringsbevis frå kommunen, kan du starte jakta på eigen bustad. Ørsta kommune skal ha melding om kva bustad du vil legge inn bod på, og stadfeste om dette er ok. Eventuelle bod gis til meglar, som igjen kontaktar Ørsta kommune for å få godkjent finansieringa på bustaden.
Etter salet får Ørsta kommune oversendt kjøpekontrakt frå meklar for utfylling av låne- og pantedokument for signering. Utbetaling skjer i høve kjøpekontrakt og i god tid før dato for overtaking av bustaden.
Når du har kjøpt bustad, er det Ørsta kommune som tek seg av utbetaling av lånet, fakturering, purring, inkasso og svarar ut generelle spørsmål om lånet.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Klagefristen er 3 veker frå den dagen du har fått vedtaket. Dersom klagen blir send for seint, kan han bli avvist. Du bør i så fall opplyse om kvifor du ikkje kan skuldast for forseinkinga.
I klaga bør det gå fram kva ein ønskjer endra, samt ei grunngjeving. Før du klagar må du lese grunnlaget for vedtaket og sakshandsamar si vurdering. Du kan senda klaga digitalt ved å gå inn på startlan.husbanken.no Du kan senda ei melding og/eller lasta opp vedlegg på saka.
Ønskjer du ikkje å sende klage digitalt? Ta kontakt med servicekontoret.
Har du fått svar på klaga di frå klagenemnda? Klagenemnda si avgjersle er endeleg og kan ikkje klagast vidare. Dersom du likevel meiner det heftar feil ved nemnda sitt vedtak, kan du ta kontakt med Sivilombodsmannen.